Tillit og samhald
Gjennom året 2020 har me alle, meir eller mindre, fått kjenna på følgjene av pandemien. Eg skal ikkje gå i djupna på dette, men eit viktig poeng har eg lyst til å dela. Det me har opplevd gjennom pandemien må reknast som ei krise. Skal eit samfunn komma seg vel gjennom ei krise er det avgjerande at det eksisterer tillit mellom folk, og mellom folket og dei institusjonane som er sette til å styra. Eg er audmjuk, og vil takka for all tillit og lojalitet som de har vist meg og andre som har fått ansvar for å styra lokalsamfunnet vårt gjennom denne krisa.
Arbeidet i kommunestyret
Det sitjande kommunestyret har hatt sitt første heile arbeidsår i 2020. Eg meiner folket i Fitjar gjorde eit godt val under kommunevalet 2019. Eg får lov til å vera ordførar saman med 16 flotte representantar som viser stort engasjement for kommunen sin og folket som bur her. Det er etablert eit godt samarbeidsklima mellom representantar og partigrupper i kommunestyret. Me har for tida mange saker under arbeid som skal sikra ei positiv utvikling for bygda vår.
Hendingar i 2020
Sjølv i eit år med strenge restriksjonar og avgrensing i aktivitet har det skjedd eit og anna i Fitjar. Kommunestyret handsama 99 saker som er meir enn eit ordinært år, og dei færraste omhandla pandemien. Eg nemner noko av det som har vore oppe:
◦ Godt økonomisk resultat for kommunen
◦ Løyving til ny barnehage i økonomiplanen
◦ Skiping av Fitjar Utvikling AS saman med Fitjar Kraftlag
◦ Vedtak om bygging av dagsturhytte
◦ Kommuneplanen sin samfunnsdel for Fitjar 2020-2040 vart vedteken
◦ Ny hovudplan for vatn og avlaup i kommunen
◦ God framdrift på arbeidet med ny reguleringsplan for sentrum
◦ Fritidskortet for barn og unge, tilsagn om å vera pilotkommune
◦ Koronastøtte frå kommunen til lokalt næringsliv
Det lokale næringslivet har stort sett komme seg vel gjennom året, sjølv om visse bransjar er ramma. Det er viktig å nytta hotell- og serveringsstader og andre lokale tilbod i Fitjar. Dei bidreg til å fremje aktivitet og attraktivitet.
Pandemien har særleg ramma arbeidet i kulturlivet og frivillig sektor. Me saknar våre viktige sosiale møtestader. Likevel er mykje godt arbeid utført i frivillig sektor, særleg for barn og unge. Me ser fram til at me kan samlast igjen!
Attraktive Fitjar
Folketalet i Fitjar viste ein fin auke det siste kvartalet i 2020, men samla for året gjekk det ned. Eg meiner alt ligg til rette for at me skal få sjå ei positiv utvikling i Fitjar framover. Eit av dei store fortrinna me har, er at me ligg så gunstig plassert geografisk. For tida arbeider me på fleire frontar med å byggja attraktivitet, og å få ut dei gode historiane om Fitjar.
Takk til alle som bidreg
Eg vil takka alle som er med på å gjera Fitjar til eit godt lokalsamfunn. Sidan eg har fått tilliten til å vera den øvste representanten for kommunen, vil eg særleg takka rådmannen og alle medarbeidarane for den store innsatsen som er lagt ned gjennom dette spesielle året. Dag og natt gjennom heile året har det vore kommunale medarbeidarar i sving for å gje gode, og ofte livsnødvendige tenester til folket. Igjen, tusen takk for strålande innsats.
Lenke til dokumentet "Årsmelding 2020" finn du her
Venleg helsing
Harald Rydland, ordførar i Fitjar kommune