Reguleringsplan – detaljregulering
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 23.03.2022 12:04:36 [pagecreatedby] => ssp [pagename] => Reguleringsplan – detaljregulering [description] =>For å gjennomføre større bygge- og anleggstiltak og andre tiltak som kan få stor innverknad på miljø og samfunn, må det liggje føre ein reguleringsplan for området. Ein reguleringsplan blir vedtatt i kommunestyret og fastset framtidig arealbruk. Planen er bindande for nye tiltak eller utviding av eksisterande tiltak i området.
Reguleringsplanen blir utarbeidd med utgangspunkt i plan- og bygningslova. Han består av eit plankart med tilhøyrande reguleringsvedtekter.
Ein reguleringsplan blir utforma enten som områderegulering (som kommunen utarbeider) eller som detaljregulering. Alle har rett til å fremje forslag om detaljregulering, men forslaget må vere utarbeidd med hjelp av fagkyndig konsulent. Detaljregulering er eit arealplankart med vedtekter som fastset utforming, bruk og vern av eit område. Planen viser kva for byggetiltak som kan gjennomførast i området.
[audience] =>Alle kan komme med forslag til detaljregulering.
[conditions] =>Forslaget til detaljregulering må vere utarbeidd med hjelp av ein fagkyndig konsulent.
Tiltak må vere sette i gang innan fem år etter at reguleringsplanen er vedtatt.
[related] =>Kommunen kan krevje gebyr for private planforslag.
[legislation] =>Plan- og bygningslova, kap. 12 (Reguleringsplan )Forskrift om konsekvensutreiingar
[guidance] =>Når du skal starte opp planarbeidet, må du leggje fram planspørsmålet for planstyresmaktene i kommunen i eit oppstartmøte. I møtet presenterer du planideen din, og kommunen vil informere om overordna planar og føringar. Du vil få informasjon om planprosessen og om krav til kva forslaget til detaljregulering må innehalde.
Du må kunngjere oppstart av planarbeidet i minst éi lokal avis og gjennom elektroniske medium. Vidare må du informere:
- registrerte grunneigarar og festarar i planområdet
- andre rettshavarar i planområdet (f.eks. leigetakarar)
- naboar som er påverka av planområdet
Dersom verken kommunen eller andre har innseiingar til planideen, kan du starte opp planarbeidet. Kommunen kan gi råd og bistand undervegs.
Når planforslaget er ferdig utarbeidd, sender du det, saman med all dokumentasjon, til kommunen. Dokumentasjonen skal følgje planforslaget ved høyring og offentleg ettersyn og når saka skal behandlast i kommunestyret.
[administrations] =>Når kommunen har fått planforslaget ditt, avgjer kommunen om forslaget skal bli sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Avgjerda skal skje snarast, og seinast innan tolv veker (eller ein annan frist som er avtalt). Kommunen kan samtidig leggje fram alternative forslag til regulering av området.
Vel kommunen å gå vidare med planforslaget ditt, skal kommunestyret avgjere saka. Kommunestyret må ta ei avgjerd seinast tolv veker etter at planforslaget er ferdigbehandla av planstyresmaktene i kommunen. Er ikkje kommunestyret samd i forslaget, kan saka bli send tilbake til planstyresmaktene for ny behandling.
Når kommunestyret har vedtatt planen, skal kommunen informere registrerte grunneigarar, festarar, andre rettshavarar og påverka naboar. Informasjonen skal innehalde opplysningar om klagehøve og klagefrist.
Kommunen skal kunngjere den nye reguleringsplanen i minst éi lokal avis og gjennom elektroniske medium.
[appeal] =>Dersom kommunen ikkje ønskjer å gå vidare med planforslaget ditt, får du eit brev innan tre veker. Er forslaget ditt i samsvar med kommunens overordna planar for området, kan du krevje at avslaget blir behandla i kommunestyret.
Er du misnøgd med det vedtaket kommunestyret har gjort, kan du klage. Fristen er tre veker frå vedtaket i kommunestyret. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
Send klagen til planstyresmaktene i kommunen. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Statsforvaltaren. Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.
Ønskjer du å krevje erstatning, må du gjere det innan tre år etter vedtaket.
[other] =>Reguleringsplanrettleiar (Kommunal- og distriktsdepartementet)
[topics] => areal, arealplan, arealdel, arealplanlegging, ekspropriasjon, reguleringsforskrift, samfunnsplanlegging, vegbygging, byggesak, byggjesak, byggetiltak, byggjetiltak, detaljplan, detaljregulering, områderegulering, plankart, arealplankart, planstyresmakt, planspørsmål, grunneigar, festar, festetomt, grunnareal, festeareal, næringsverksemd, næringstomt, planarbeid, planforslag, plansak, reguleringsplan, reguleringskart, reguleringsbestemming, planprogram, konsekvensutreiing, kommuneplan )Template: