Fosterheim – å vere fosterheim
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 03.06.2024 10:48:56 [pagecreatedby] => ssp [pagename] => Fosterheim – å vere fosterheim [description] =>Som fosterheim tar du vare på eit barn eller ein ungdom i ein periode der barnet eller ungdommen ikkje kan bu hos foreldra sine. Det kan vere mange årsaker til at barnet eller ungdommen treng ein annan stad å bu, men felles er behovet for omsorg, tryggleik og gode opplevingar. Du og heimen din skal vere ei positiv støtte for barnet eller ungdommen.
Fosterbarn er ulike, både i alder, personlegdom og omsorgsbehov. Felles for mange fosterbarn er at dei har ekstra utfordringar og kan vere prega av tidlegare opplevingar. Å vere fosterforelder kan derfor vere krevjande.
Det finst ulike typar fosterheimar:
- ordinære fosterheimar der fosterforeldra har den daglege omsorga for barnet på vegner av barneverntenesta i kommunen eller på vegner av foreldra til barnet (frivillig plassering)
- forsterka fosterheim (familieheim) for barn og unge med behov for ekstra oppfølging. I ein familieheim har ein av dei vaksne oppdraget som fosterforelder på heiltid.
- fosterheim hos familiemedlemmer eller andre i nettverket til barnet. At barnet får bu i kjende omgivnader er trygt for alle, og overgangen til ein fosterheim kan bli lettare når barnet allereie kjenner fosterforeldra.
- beredskapsheim som på kort varsel kan ta imot barn og unge som er i ein akutt situasjon. Som beredskapsheim skal du ha omsorga for barnet til ei anna og meir varig løysing er funnen, enten det er fosterheim, institusjon eller at barnet flyttar tilbake til foreldra sine.
Som fosterheim får du rettleiing og tett oppfølging frå barneverntenesta i kommunen. Barnet vil også bli følgt opp av ein eigen tilsynsperson. I tillegg kan dei biologiske foreldra til barnet ha samværsrett, og du pliktar å samarbeide for å få dette til på ein god måte.
[audience] =>Både einslege, par og barnefamiliar kan bli fosterheim.
[conditions] =>For å bli godkjend som fosterheim må du:
- ha ein stabil livssituasjon
- ha overskot, tid og plass i bustaden
- vere glad i barn og ha evna til å bli glad i andre sine barn
- ikkje ha store helseutfordringar, livskriser, rusproblem eller psykiske problem
- ha daglege rutinar som er føreseielege og trygge
- leggje fram uttømmande og utvida politiattest som ikkje er eldre enn tre månader
- gjennomføre eit Solid-kurs (grunnopplæring for fosterforeldre)
Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna under godkjenning av fosterheim. For ordinære fosterheimar og fosterheimar hos familie eller nettverk blir det ikkje stilt krav til utdanning. For beredskapsheim og familieheim blir det stilt krav til utdanning som f.eks. barnevernspedagog, sosionom, psykolog eller lærarutdanning. Anna relevant utdanning, erfaring som fosterforeldre eller liknande kan erstatte kravet.
[partners] =>Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)
[related] =>Opplæring av fosterforeldre er gratis.
Du får utbetalt ei månadleg arbeidsgodtgjersle for å vere fosterheim. I tillegg får du ein fast sum per månad til å dekkje utgifter til mat, klede og fritidsaktivitetar; sjå rettleiande satsar for fosterheimar.
[legislation] =>Barnevernslova kap. 9 (Fosterheim)
Forskrift om barns medverknad i barnevernet
[guidance] =>Ønskjer du å bli vurdert som fosterheim, tar du kontakt med barneverntenesta i kommunen for ein samtale. Du vil bli beden om å skrive ein eigenpresentasjon der du fortel litt om:
- deg sjølv og eventuelle andre som bur i lag med deg
- kva som gjer heimen din eigna som fosterheim
- utdanninga di, arbeidssituasjonen og økonomien din
- di eiga helse og helsa til ev. familiemedlemmer
- interesser og aktivitetar
- barnet du kan tenkje deg å ta imot (eit namngitt barn? alder og kjønn? søsken? barn med spesielle behov?)
Etter samtalen med barneverntenesta, får du invitasjon til Solid grunnopplæring. Opplæringa består av e-læring, fysiske gruppesamlingar og ein vurderingsprosess. Heile kurset blir gjennomført på 3 månader og er gratis.
Mellom kurssamlingane arbeider du med heimeoppgåver. Kursleiaren skal besøkje deg heime i alt fire gonger; éin gong før, to gonger undervegs og éin gong etter kurset. Under heimebesøka skal kursleiaren snakke med alle familiemedlemmene.
[administrations] =>Når du har fullført Solid grunnopplæring og blitt vurdert av kursleiaren, kan du få ei generell førehandsklarering som fosterheim. Før du kan ta imot eit fosterbarn, blir du:
- vurdert nøye opp mot det aktuelle barnet og behova til dette barnet
- godkjend som fosterheim for det aktuelle barnet
Ved endeleg godkjenning må du og ev. andre vaksne i fosterheimen leggje fram helseattest og uttømmande og utvida politiattest.
[appeal] =>Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
Send klagen til barneverntenesta i kommunen. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Statsforvaltaren.
Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.
[other] =>Fosterheim.no (nettstad utarbeidd av Bufetat)
Barn som treng fosterheim (eksempel på kven barn som treng fosterheim kan vere)
[topics] => Fosterheim, fosterbarn, fosterforeldre, fostermor, fosterfar, fosterfamilie, tilsynsførar, barne- og familievern, familieheim, beredskapsheim, barn, ungdom )Template: