Skolestart
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 03.07.2024 14:09:45 [pagecreatedby] => ssp [pagename] => Skolestart [description] =>Alle barn har både rett og plikt til grunnskoleopplæring frå det kalenderåret dei fyller 6 år:
- Rett til grunnskoleopplæring betyr at alle barn har krav på å få opplæring på ein offentleg grunnskole
- Plikt til grunnskoleopplæring betyr at elevane må delta i grunnskoleopplæring, men ikkje nødvendigvis på ein offentleg skole. Du som forelder kan i staden velje ein privat skole eller heimeundervisning, altså at du underviser eigne barn heime.
Du vil få brev frå kommunen i god tid før skolestart. I brevet får du vite kva for ein skole det er reservert plass på, og kva du skal gjere for å bekrefte eller seie frå deg plassen. Det er vanleg å invitere skolestartarane til ein førskoledag om våren. Du vil få beskjed om kvar og når de skal møte opp både til førskoledagen og til første skoledag etter sommarferien.
Barnet ditt har rett til å gå på den skolen som ligg nærast heimen eller ved den skolen i nærmiljøet som de soknar til. Du kan søkje om skolestart ved ein annan skole enn den barnet ditt soknar til.
[audience] =>- Barn i skolepliktig alder
- Barn som fyller fem år og som PPT har vurdert som skolemodne
Norsk hjemmeundervisningsforbund
[related] =>Grunnskoleopplæring i offentleg skole er gratis. Skolen kan ikkje krevje betaling for undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskolar, utflukter eller andre turar som er ein del av grunnskoleopplæringa.
[legislation] =>Opplæringslova § 2-1 (Rett til grunnskoleopplæring)
Opplæringslova § 2-2 (Plikt til grunnskoleopplæring)
Opplæringslova § 2-5 (Gratis grunnskoleopplæring)
Opplæringslova § 2-6 (Kva grunnskole eleven skal gå på)
Opplæringslova kap. 22 (Privat opplæring)
[guidance] =>Har du ikkje fått brev om innskriving på skole i ein kommune du nyleg har flytta til, må du ta kontakt med den nye kommunen for å melde barnet inn på skolen.
Er du i tvil om barnet ditt er komme langt nok i utviklinga til å starte på skolen, bør du kontakte kommunen i god tid før barnet skal starte på skolen. Det er kommunen som bestemmer om barnet skal utsetje skolestarten. Før kommunen tar avgjerda, må barnet vurderast av pedagogisk-psykologisk teneste (PPT).
Du kan òg søkje om tidlegare skolestart for barnet ditt. Dette inneber at barnet startar på skolen det kalenderåret det fyller fem år. For å få tidlegare skolestart må det vurderast som forsvarleg av pedagogisk-psykologisk teneste (PPT).
Vel du å undervise barnet ditt heime, må du melde frå til kommunen om dette.
[administrations] =>Søkjer du skolestart ved ein annan skole, utsett skolestart eller tidlegare skolestart, har kommunen plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.
[appeal] =>Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Statsforvaltaren.
Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.
[topics] => skole, skule, grunnskole, grunnskule, skolestart, skulestart, innmelding, innskriving, nærskole, nærskule, skolekrets, skulekrets, skolekrins, skulekrins, innskoling, innskuling, skolemoden, skulemoden, skolemogen, skulemogen, friskole, privatskole, friskule, privatskule, heimeundervisning )Template: