Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for framandspråklege

Beskrivelse

Er du utlending mellom 16 og 67 år og har fått 

  • opphaldsløyve som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve, eller
  • kollektivt vern i ein massefluktsituasjon
  • avgrensa opphaldsløyve som medlem av barnefamilie eller som einsleg mindreårig i påvente av dokumentert identitet

har du rett og plikt til gratis opplæring i norsk og samfunnskunnskap i tilsaman 600 timar.

Er du arbeidsinnvandrar mellom 16 og 67 år frå land utanfor EØS-/EFTA-regelverket (eller familiesameint til slik arbeidsinnvandrar), har du plikt, men ikkje rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Kommunen kan krevje betaling for opplæringa.

Har du opphaldsrett etter EØS-regelverket, er du ikkje omfatta av introduksjonslova. Dette inneber at du verken har rett eller plikt til opplæring etter introduksjonslova.

Du får opplæring i samfunnskunnskap på eit språk som du forstår, medan norskundervisninga vil bli gitt på norsk. Når du har gjennomført kurs, må du ta prøver i begge fag.

Ordninga skal gi deg som utlending i Noreg høve til å delta i arbeidslivet. Gjennomført opplæring er ein føresetnad for å få permanent opphaldsløyve og ev. statsborgarskap.

Du vil få utarbeidd ein individuell plan som tar utgangspunkt i ditt opplæringsbehov. Har du rett til gratis opplæring, får du høve til å ta tilleggsopplæring på inntil 2 400 timar dersom du har behov for det. Kommunen kan då teste kunnskapane dine for å finne ut om du treng meir opplæring.

Målgruppe

Utlendingar mellom 16 og 67 år som har:

  • opphaldsløyve som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve
  • kollektivt vern i ein massefluktsituasjon
  • arbeidsløyve og er frå land utanfor EØS-/EFTA-regelverket (og familiesameinte av desse)
Vilkår

Opphalds- eller arbeidsløyve etter utlendingslova som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve eller vern i massefluktsituasjon.

Lover

Integreringsloven kap. 6 (Opplæring i norsk og samfunnskunnskap)

Integreringsforskriften kap. 8 (Prøver i norsk og samfunnskunnskap)

Utlendingslova kap. 3 (Opphald i samband med arbeid og studiar mv.)

Veiledning

Er du folkeregistert i kommunen, vil du få tilbod om opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Du kan også sjølv ta kontakt med kommunen og be om dette.

Saksbehandling

Så snart du er folkeregistrert i kommunen, pliktar kommunen å sørgje for opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Du vil få eit opplæringstilbod seinast tre månader etter at du er folkeregistrert i kommunen eller sjølv har bedt om slik opplæring.

Klage

Du kan klage på avgjerder om:

  • tildeling av opplæring 
  • vesentlege endringar i den individuelle planen 
  • at opplæringa blir stansa
  • permisjon

Fristen for å klage er tre veker frå du tok imot avgjerda. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Statsforvaltaren.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Los-ord
norskopplæring, norskundervisning, norskkurs, asylsøkjar, asylant, integrering, flyktning, innvandrar, utlending, kurs, skole, skolegang, opplæring, undervisning, samfunnsfag, samfunnskunnskap, opphaldsløyve, busettingsløyve, busetting, arbeidsløyve, arbeidsinnvandring,

DebugView   v2