Tidlegare skolestart

Beskrivelse

Meiner du at barnet ditt bør begynne på skolen allereie det året det fyller fem, kan du søkje skolen om dette. Skolen sender søknaden vidare til pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), som vil vurdere kor langt barnet har komme i utviklinga si. Dersom PPT konkluderer med at det er forsvarleg, vedtar rektor tidlegare skolestart.

Om barnet går i barnehage, bør du rådføre deg med barnehagen før du søkjer. Barnehagen vil saman med deg vurdere utviklingsnivået til barnet og hjelpe deg å skrive søknaden. Barnehagen kan òg ta direkte kontakt med PPT.

Målgruppe

Førskolebarn som er tidleg utvikla intellektuelt, motorisk og sosialt.

Vilkår

Det er rektor ved skolen som bestemmer om barnet skal få starte tidlegare. Før rektor bestemmer dette, må PPT ha vurdert barnet til å vere på minst same utviklingsnivå som gjennomsnittet av barn som er fødde året før.

Lover

Opplæringslova § 2-4 (Utsett og tidleg skolestart)

Veiledning

Du kan søkje åleine eller saman med barnehagen. Skriv kvifor du meiner barnet bør starte på skolen eitt år tidlegare, og legg ved aktuell dokumentasjon. Send søknaden til den skolen barnet skal begynne på. Skolen sender søknaden vidare til PPT, som vil ta kontakt med deg for ein samtale og for observasjon og testing av barnet. Går barnet i barnehage, vil denne òg bli involvert.

Søknadsfrist

Opplæringslova set ingen tidsfrist for å søkje om tidlegare skolestart, men kommunen kan ha sett ein frist for å sikre nok tid til vurdering og saksbehandling.

Saksbehandling

Skolen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når skolen ventar å kunne svare deg.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda skolen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til skolen. Du må grunngi klagen din. Skolen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til rektor på skolen, som vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender skolen klagen din vidare til Statsforvaltaren.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Los-ord
skolestart, framskunda skolestart, pedagogisk-psykologisk teneste, pp-teneste, ppt, skolemoden

DebugView   v2