Bustadhygiene - rettleiing om inneluft og inneklima
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 22.04.2024 08:25:37 [pagecreatedby] => ssp [pagename] => Bustadhygiene - rettleiing om inneluft og inneklima [description] =>Har du mistanke om dårleg inneklima i bustaden din? Ser du teikn til fuktskadar eller muggsopp? Har du eller andre i husstanden symptom som kan skuldast innemiljøet? Då kan du kontakte kommunen som kan gi deg råd og rettleiing om inneklima og bustadhygiene og eventuelt gjere ei inneklimamåling.
Eit godt inneklima er viktig for helsa di. Har bustaden din fuktskadar eller muggsopp, kan det auke risikoen for utvikling og forverring av sjukdommar som allergiar og luftvegslidingar.
Ei inneklimamåling i bustaden kartlegg mellom anna:
- CO²-innhald
- temperatur
- førekomst av fuktskadar
- førekomst av muggsopp
- støv- og radoninnhald
Kommunen kan føre tilsyn i utleigebustader der inneklimaproblemet skuldast forhold som leigetakarane ikkje kan utbetre sjølv. Utleigaren har ansvaret for at utleigebustader er i tilfredsstillande stand. Leigetakar bør derfor først kontakte utleigar dersom det er dårleg inneklima i utleigebustaden.
[audience] =>Alle som eig eller leiger bustad i kommunen.
[related] =>Råd og rettleiing om inneklima er gratis.
Inneklimamåling er pålagd gebyr som du finn i kommunens gebyrregulativ.
Dersom målinga avdekkjer helseskadelege forhold, kan kommunen påleggje huseigaren å utføre tiltak. Huseigaren må sjølv betale for å utbetre forholda.
[legislation] =>Helse- og omsorgstenestelova § 3-3 (Helsefremjande og førebyggjande arbeid)
Folkehelselova kap. 3 (Miljøretta helsevern)
[guidance] =>Ta kontakt med kommunens avdeling for miljøretta helsevern og beskriv problemet. Meiner du å ha blitt sjuk av inneklimaet, bør du få ei erklæring frå fastlegen din. Kommunen vurderer om ei inneklimamåling skal gjennomførast, og vil i så fall avtale eit tidspunkt med deg.
[appeal] =>Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen eller direkte til avdeling for miljøretta helsevern. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Statsforvaltaren.
[other] =>Inneklima (Norges astma- og allergiforbund)
[topics] => innemiljø, inneklima, inneluft, bustadklima, hygiene, reinhald, helsevern, helserisiko, helseplager, luftkvalitet, midd, mugg, muggsopp, sopp, støv, svevestøv, svevepartiklar, bakteriar, fukt, fuktskade, råte, råteskade, radon, asbest, trekk, lufttemperatur, luftfukt, røyking, røyk, tobakk, tobakksrøyk, sigarettrøyk, sot, sotpartiklar, os, peis, peisos )Template: