Samvær med barn under offentleg omsorg

Beskrivelse

Barn som bur i fosterheim eller på ein barnevernsinstitusjon har rett til samvær med foreldre og søsken, med mindre det er bestemt noko anna. Sjølv om foreldra ikkje er i stand til å ha den daglege omsorga, kan det vere verdifullt for barnet å ha kontakt med den biologiske familien sin. Fosterforeldra eller institusjonen skal hjelpe til med å leggje til rette for samværet.

Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker bestemmer:

  • om barnet skal få vere saman med foreldre og søsken
  • kor mykje barnet skal få vere saman med foreldre og søsken
  • om barnet skal vere saman med andre slektningar eller personar som det kjenner godt

Barneverntenesta i kommunen skal lage ein plan for kven barnet skal få treffe, kor ofte og kvar. Dette gjeld også for åremålsdagar, jul og andre høgtider. Dei kan også bestemme kor ofte og lenge barnet og familien får snakke saman på telefon.

Barneverntenesta eller fylkesnemnda kan bestemme at det skal vere ein tilsynsperson til stades når barnet treffer foreldra sine. Barnet sjølv kan også seie frå om det ønskjer ein annan person til stades under besøka. Saksbehandlaren i barneverntenesta og tilsynspersonen til barnet skal spørje barnet om korleis barnet opplever besøka, og om det ønskjer oftare eller sjeldnare samvær.

Målgruppe
  • Barn under offentleg omsorg, dvs. at barnet bur i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon
  • Foreldre og søsken til barn under offentleg omsorg
  • Andre familiemedlemmer og nære vennar av barn under offentleg omsorg
Vilkår

Samvær skal vere til beste for barnet. Er det konflikt mellom omsynet til foreldra og det beste for barnet, skal omsynet til det beste for barnet vere avgjerande for det samværet som blir bestemt.

Lover

Barnevernslova § 5-3 (Val av plasseringsstad etter vedtak om omsorgsovertaking.)

Barnevernslova § 5-4 (Ansvaret for barnet etter vedtak om omsorgsovertaking)

Barnevernslova kap. 7 (Samvær og kontakt etter omsorgsovertaking.)

Veiledning

Du kan kontakte fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker dersom du meiner å ha rett til samvær med barnet.

Saksbehandling

Når det er bestemt at barnet skal flytte ut av heimen sin, lagar barneverntenesta i kommunen eit forslag til plan for samvær. Planen blir lagd fram for fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker, som tar den endelege avgjerda om samværet.

Klage

Du kan ikkje krevje at fylkesnemnda tar stilling til samværsretten på nytt før det har gått tolv månader etter at saka blei avgjord.

Los-ord
barnevern, barnevernsinstitusjon, barneverntenesta, omsorgsovertaking, fosterheim, tilsynsførar, fosterbarn, fosterforeldre, samvær, foreldre, søsken, besøksrett, samværsrett, tilsynsførar, tilsynsperson

DebugView   v2