Omsorgsovertaking av barn/ungdom
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 22.04.2024 08:20:18 [pagecreatedby] => ssp [pagename] => Omsorgsovertaking av barn/ungdom [description] =>Omsorgsovertaking inneber at barneverntenesta tar over ansvaret for eit barn eller ein ungdom som må flytte ut frå heimen sin og inn i ein fosterheim eller barnevernsinstitusjon. Omsorgsovertakinga kan vare i ein kortare eller lengre periode.
Det kan vere mange grunnar til at nokre barn og unge ikkje kan bu heime:
- manglande omsorg
- foreldre som ikkje er i stand til å ta i vare omsorga i kortare eller lengre periodar, f.eks. ved sjukdom
- mishandling eller overgrep
- utfordringar med åtferd, rus eller kriminalitet
Blir barneverntenesta kjend med at eit barn eller ein ungdom lever under slike forhold, har dei plikt til å gripe inn. Barneverntenesta må ta utgangspunkt i kva som er det beste for barnet eller ungdommen. Nokre gonger kan dette komme i konflikt med kva foreldra meiner.
Etter omsorgsovertakinga skal barneverntenesta:
- følje opp utviklinga til barnet eller ungdommen
- leggje til rette for samvær med foreldre og søsken dersom omsynet til barnet eller ungdommen ikkje taler imot det
- tilby rettleiing og oppfølging til foreldra. Det kan også vere aktuelt med hjelpetiltak for å betre omsorgsevna til foreldra, slik at barnet eller ungdommen seinare kan flytte heim igjen.
Barn og unge under 18 år.
[conditions] =>Barneverntenesta må dokumentere at det er nødvendig å overta omsorga for barnet eller ungdommen ut frå situasjonen. Lova lister opp desse kriteria:
- alvorlege manglar i den daglege omsorga, den personlege kontakten og tryggleiken som barnet eller ungdommen treng
- foreldra sørgjer ikkje for at eit sjukt, funksjonshemma eller spesielt hjelpetrengande barn eller ein ungdom får dekt sitt særlege behov for behandling og opplæring
- barnet eller ungdommen blir mishandla eller utsett for andre alvorlege overgrep i heimen
- stort sannsyn for at helsa eller utviklinga til barnet eller ungdommen kan bli alvorleg skadd fordi foreldra er ute av stand til å ta tilstrekkeleg ansvar
Kommunen kan krevje at foreldra skal betale eit bidrag så lenge barnet eller ungdommen bur i fosterheim eller barnevernsinstitusjon, ref. barnevernslova § 15–12.
[legislation] =>Barnevernslova § 1-3 (Barnets beste)
Barnevernslova § 5-1 (Vedtak om omsorgsovertaking)
Barnevernslova § 5-4 (Ansvar for barnet etter vedtak om omsorgsovertaking)
Barnevernslova § 12-3 (Barns partsrettar)
Forskrift om barns medverknad i barnevernet
[administrations] =>Når barneverntenesta er gjort merksam på at eit barn eller ein ungdom slit og kan trenge hjelp frå barnevernet, skal dei undersøkje situasjonen. Terskelen for å starte undersøking skal vere låg.
Dersom undersøkinga viser at barnet eller ungdommen bør flytte ut av heimen sin, vil barneverntenesta:
- flytte barnet eller ungdommen med det same i akutte tilfelle, eller
- utarbeide eit forslag til løysing og presentere dette for foreldra.
Plassering i fosterheim eller barnevernsinstitusjon kan skje med eller utan samtykke frå foreldra. Samtykkjer ikkje foreldra, må barneverntenesta i kommunen førebu sak for fylkesnemnda, som kan bestemme at barnet eller ungdommen skal flyttast med tvang.
[appeal] =>Foreldra kan krevje at eit vedtak om tvangsflytting skal leggjast fram for tingretten.
[other] =>Rettar for deg som bur i fosterheim (Ung.no)
Rettleiar om oppfølging av foreldre til barn i fosterheim/institusjon (Barne- og likestillingsdepartementet)
[topics] => uromelding, barnevern, familievern, barne- og familievern, omsorgssvikt, omsorgsovertaking, familievald, ungdomsproblem, åtferdsproblem, rusproblem, rusmisbruk, alkoholproblem, alkoholmisbruk, overgrep, incest, misbruk, seksuelt misbruk, juling, avstraffing, vald, trakassering, feilernæring, underernæring, fosterheim, fosterbarn, fosterforeldre, barneverninstitusjon, institusjon, barneheim, ungdomsheim, vanskjøtting )Template: