Mindre tiltak utan søknadsplikt
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 18.05.2021 20:24:23 [pagecreatedby] => ssp [pagename] => Mindre tiltak utan søknadsplikt [description] =>Du kan utføre enkelte mindre tiltak på tomt eller bygning utan å involvere eit ansvarleg firma og utan at du må søkje kommunen først. Ifølgje byggesaksforskrifta treng du ikkje søkje om:
Oppføring av garasje eller frittliggande, mindre uthus på eigedom med bygningar når du ikkje skal bruke det til å bu i;
- mønehøgde inntil 4 meter
- med gesimshøgde inntil 3 meter
- der samla bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA) ikkje er over 50 m².
- der avstanden til annan bygning på eigedommen ikkje skal vere mindre enn 1 meter
- der avstanden til nabogrensa ikkje skal vere mindre enn 1 meter
- som ikkje har kjellar
- som er på berre ein etasje, men kan ha eit mindre oppbevaringsloft
- som ikkje blir bygd over eksisterande vass- og avløpsleidningar
Endring i eksisterande bygg, innanfor ei brukseining eller branncelle;
- mindre tilbygg der verken samla bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA) er over 15 m². Tilbygget må være understøtta og kan ikkje overstige to etasjar eller to plan.
- ikkje-berande vegg
- reparasjon av bygningstekniske installasjonar
- installering, endring og reparasjon av våtrom
- installering, endring og reparasjon av eldstad
- andre enkle installasjonar
Tiltak utandørs;
- Levegg (skjermvegg) med høgde inntil 1,8 meter og lengde inntil 10 meter. Veggen kan vere frittståande eller forbunden med bygning. Avstanden til nabogrensa skal ikkje vere mindre enn 1 meter.
- Levegg (skjermvegg) med høgde inntil 1,8 meter og lengde inntil 5 meter. Leveggen kan vere frittståande eller forbunden med bygning og kan plasserast inntil nabogrense.
- Innhegning mot veg med inntil 1,5 meters høgde. Innhegninga må ikkje hindre sikten i frisiktsoner mot veg.
- Skilt- og reklameinnretning inntil 3 m² som blir montert flatt på vegg. Ønskjer du å montere fleire skilt- og reklameinnretningar på same fasade, må du søkje kommunen.
- Antennesystem med høgde inntil 5 meter. Parabolantenne kan ha diameter inntil 1,2 meter. Panelantenne plassert på vegg kan ha høgde inntil 2 meter.
- Mindre støttemur på inntil 1 meters høgde og avstand frå nabogrense på minst 1 meter, eller støttemur på inntil 1,5 meters høgde og avstand frå nabogrense på minst 4 meter. Muren må ikkje hindre sikten i frisiktsoner mot veg.
- Mindre fylling eller planering av terreng. Tiltaket må uansett ikkje føre til meir enn 3 meters avvik frå opphavleg terrengnivå i grisgrendt strøk, eller 1,5 meters avvik frå opphavleg terrengnivå i tettbygd strøk. På eigedom for rekke- eller kjedehus o.l. der bygga ligg tett, må avviket ikkje vere meir enn 0,5 meter frå opphavleg terrengnivå. Avstand frå fyllingsfoten til nabogrense må vere minst 1 meter. Endringar i terreng må ikkje hindre sikten i frisiktsoner mot veg.
- Graving for kablar.
- Lokal drenering og reparasjonar ved rør- og leidningsbrot.
- Intern veg på tomt og biloppstillingsplassar for bruk av tomta som ikkje krev vesentleg terrenginngrep. Oppstillingsplass for landbruksmaskinar til bruk på landbrukseigedom. Avstand til nabogrense må vere minst 1 meter.
Plassering av;
- Bygningar, konstruksjonar eller anlegg på eller i direkte tilknyting til bygge- eller anleggstomt der arbeid går føre seg.
- Campingvogn og opplag av fritidsbåt på bygd bustad- og fritidseigedom.
- Campingvogn på campingplass.
Oppføring av frittliggjande byggverk knytta til drift av jordbruks-, skogbruks- eller reindriftsområde;
- der samla bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA) ikkje overstig 15 m²
- som berre er på éin etasje og ikkje er underbygd med kjellar.
Du som planlegg mindre tiltak på eigen eigedom.
[conditions] =>Tiltaket må vere i samsvar med reglane i plan- og bygningslova om blant anna estetikk og avstand til nabo.
Det må òg vere i samsvar med kommunale bygningsvedtekter, kommuneplan, utbyggingsplan og eventuelt reguleringsplan.
Den som utfører tiltaket, er sjølv ansvarleg for at reglane blir følgde.
[legislation] =>Byggesaksforskrifta § 4-1 (Tiltak som ikkje krev søknad og løyve)
Byggesaksforskrifta § 4-2 (Unntak for plassering av særskilt bygning, konstruksjon eller anlegg)
Plan- og bygningslova § 1-6 (Tiltak)
Plan- og bygningslova § 20-5 (Tiltak som er unntatt frå søknadsplikt)
[guidance] =>Dispensasjon frå gjeldande regelverk krev søknad. Dersom du er i tvil om byggjetiltaket oppfyller vilkåra, kan du kontakte kommunen for nærare informasjon.
[other] =>Kommunen kan føre tilsyn med tiltaket på lik linje med søknadspliktige tiltak.
[topics] => tiltak, bygg, uthus, eigedom, gesims, møne, bruksareal, bygd, areal, bygning, berevegg, våtrom, branncelle, eldstad, levegg, skjermvegg, innhegning, skilt, reklame, antenne, støttemur, nabogrense, mur, planering, terreng, oppstillingsplassar, parkeringsplassar, kablar, drenering, campingvogn, fritidsbåt, vinteropplag )Template: