Tekniske hjelpemiddel ved redusert funksjonsevne – utlån
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 13.01.2021 17:46:19 [pagecreatedby] => ssp [pagename] => Tekniske hjelpemiddel ved redusert funksjonsevne – utlån [description] =>Har du redusert funksjonsevne på grunn av sjukdom, skade eller alder, kan du låne hjelpemiddel av kommunen for ein avgrensa periode. Målet med lånet er at du skal få ein enklare kvardag.
Kommunen har eit godt utval av hjelpemiddel til utlån, som for eksempel:
- hjelpemiddel som lettar forflytting (rullestol, rullator, trappeheis osb.)
- hjelpemiddel for personleg hygiene (toaletthevar, toalettstol, dusjkrakk osb.)
- høyrsle- og synshjelpemiddel
- kognitive hjelpemiddel (alarmar, planleggarar osb.)
- hushaldningshjelpemiddel (ergonomiske kjøkkenreiskapar, tidsur, vekt med tale osb.)
- hjelpemiddel til behandling og opptrening
Lånetida er normalt tre månader, men kan forlengast om du har behov for det. Treng du eit hjelpemiddel over lengre tid enn to år, hjelper kommunen deg med å søkje NAV Hjelpemiddelsentral om varig utlån.
Hugs å levere tilbake utstyr som du ikkje har behov for lenger.
[audience] =>Personar som har redusert funksjonsevne i ein kortare eller lengre periode.
[conditions] =>Du må vere busett eller opphalde deg i kommunen.
[partners] => [related] =>Utlån av hjelpemiddel er gratis.
[legislation] =>Folketrygdlova kap. 10 (Stønad for å kompensere for utgifter til betring av arbeidsevna og funksjonsevna i dagleglivet)
Helse- og omsorgstenestelova kap. 3 (Kommunane sitt ansvar for helse- og omsorgstenester)
Forskrift om habilitering og rehabilitering § 9 (Hjelpemiddel og ergonomiske tiltak)
Forskrift om hjelpemiddelsentralane
Pasient- og brukarrettslova kap. 7 (Klage)
[guidance] =>Ta kontakt med helse- og omsorgstenesta i kommunen for å låne hjelpemiddel. For utlån i ein kort periode treng du ikkje tilvising frå lege. Helse- og omsorgstenesta kan gjere ei funksjonsvurdering for å kunne tilby rett hjelpemiddel. Er du skoleelev, kan PP-tenesta i kommunen gjere vurderinga.
Kommunen kan hjelpe deg med å søkje NAV Hjelpemiddelsentral om varig utlån.
Treng du hjelpemiddel på arbeidsplassen, tar du kontakt med arbeidsgivar eller bedriftshelsetenesta.
[application] =>Søknadskjema hjelpemiddel - NAV
[administrations] =>Skal kommunen gjere ei funksjonsvurdering, vil dette normalt gå føre seg heime hos deg. Dersom hjelpemiddelet du treng finst på hjelpemiddellageret til kommunen, kan du enten hente sjølv eller få det levert heim til deg.Dersom hjelpemiddelet må bestillast, kan det ta opptil fem veker før du får det levert.
Søknad om varig utlån til NAV Hjelpemiddelsentral blir normalt avgjort innan ein månad. Maksimal behandlingstid er seks månader.
For enkelte hjelpemiddeltypar gjeld eigne saksbehandlings- og leveringstider.
[appeal] =>Skal du klage på ei avgjerd om korttidsutlån av hjelpemiddel, sender du klagen til kommunen. Fristen er fire veker frå du tok imot svarbrevet. Gjer greie for kva du ønskjer endra, og grunngi dette. Kommunen vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen saka vidare til Statsforvaltaren.
Skal du klage på ei avgjerd om varig utlån, kan du klage til NAV Hjelpemiddelsentral i fylket. Fristen er seks veker frå du tok imot svarbrevet. Gjer greie for kva du ønskjer endra, og grunngi dette. NAV Hjelpemiddelsentral vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender NAV Hjelpemiddelsentral saka vidare til NAV Klageeining.
Du vil få beskjed når klagen din er ferdig behandla.
[topics] => Hjelpemiddel, NAV, hjelpemiddelsentral, hjelpemiddellager, tilrettelegging, rehabilitering, habilitering, opptrening, funksjonsnedsetting, funksjonshemming, funksjonshemma, handikap, handikapp, handicap, toaletthevar, toalettstol, rullestol, dusjkrakk, rullator, krykker )Template: