Psykiske helsetenester
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 01.12.2020 20:47:00 [pagecreatedby] => ssp [pagename] => Psykiske helsetenester [description] =>Har du psykiske helseplager som gjer kvardagen strevsam? Har du utfordringar i livet ditt som gjer at du treng hjelp og støtte? Den psykiske helsetenesta i kommunen har ulike tilbod som kan hjelpe deg å meistre kvardagen.
Tilboda er fleksible og blir tilpassa situasjonen din. Du kan få tilbod om:
- personleg oppfølging og samtalar
- gruppesamtaler
- hjelp til å lage struktur i kvardagen og finne meiningsfulle aktivitetar
- individuell plan og hjelp til å finne dei rette tenestene
- kurs i depresjonsmeistring
- kurs ved aktivitetshus eller frisklivssentral
- sosiale aktivitetar
Når det er naturleg og ønskjeleg, kan også dei pårørande bli involverte.
[audience] =>Personar som bur heime og:
- fungerer dårleg i dagleglivet på grunn av psykiske helseplager
- har ein langvarig psykisk sjukdom/liding
- er i ein krisesituasjon som medfører behov for profesjonell hjelp
Pårørande
[partners] =>- Fastlege
- Legevakt
- Distriktspsykiatrisk senter (DPS)
- Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
Tilbod frå psykisk helseteneste er gratis, men på nokre kurs må du betale ein eigendel.
[legislation] =>Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 (Kommunens ansvar for helse- og omsorgstenester)
Helse- og omsorgstenestelova § 3-3 (Helsefremjande og førebyggjande arbeid)
Psykisk helsevernlova kap. 3 (Etablering og opphøyr av tvunge psykisk helsevern)
Psykisk helsevernlova kap. 4 (Gjennomføring av psykisk helsevern)
Pasient- og brukarrettslova kap. 7 (Klage)
[guidance] =>Du kan sjølv ta kontakt med den psykiske helsetenesta i kommunen. Tilvising frå fastlegen er ikkje nødvendig. Har du behov for akutt psykisk helsehjelp, kontaktar du legevakta. Pårørande kan ta kontakt på dine vegner.
[administrations] =>Den psykiske helsetenesta i kommunen vil først ha ei samtale med deg for å gjere seg kjend med situasjonen din og finne ut kva slags tilbod du har behov for. Du vil få hjelp til å melde deg på tilbod eller søkje om aktuelle tenester.
[appeal] =>Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Statsforvaltaren.
[other] =>Psykisk helse (helsenorge.no)
Her får du hjelp (Rådet for psykisk helse)
[topics] => Psykisk, problem, helsevern, depresjon, deprimert, deppa, depressiv, liding, sjølvmord, sjølvmordstankar, suicidal, suisidal, sjølvskading, eteforstyrring, bulimi, anoreksi, angst, panikkangst, tvangstankar, sorg, sorgreaksjon, krisesituasjon, livskrise, samlivsproblem, samlivsbrot, skilsmisse, nedstemt, nedfor, trist, isolasjon, isolert, einsam, einsemd, mobbing, utestenging, bipolar, schizofren, fobi )Template: