Førebuande opplæring for vaksne
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 14.08.2024 09:51:35 [pagecreatedby] => cathrine [pagename] => Førebuande opplæring for vaksne [description] =>Er du vaksen og ikkje har fullført eller har mangelfull grunnskoleopplæring, har du rett til å ta dei faga du treng for å få vitnemål. Opplæringa blir tilpassa ditt behov så langt det er råd, både i omfang, lengde og tidspunkt for undervisninga. Du får undervisning saman med andre vaksne, slik at du ikkje går i ordinære klassar med barn og unge.
Du kan velje om du ønskjer:
- full opplæring (alle faga som trengst for å få vitnemål)
- opplæring i enkeltfag
- opplæring i delar av fag
- opplæring i grunnleggjande ferdigheiter (lese, skrive, rekne, bruk av digitale verktøy)
Vaksne som ikkje har fullført norsk grunnskole, eller ikkje har tilsvarande utdanning på minst ni år frå eit anna land.
Sjølv om du allereie har vitnemål frå grunnskolen, kan du ha rett til opplæring i enkeltfag dersom den tidlegare opplæringa har vore mangelfull.
[conditions] =>Desse vilkåra må vere oppfylte:
- Du er over opplæringspliktig alder (vanlegvis 16 år).
- Du har ikkje rett til vidaregåande opplæring for ungdom (ungdomsretten) etter opplæringslova § 5-1.
- Du har lovleg opphald i Noreg, eller ventar på avgjerd av søknad om opphaldsløyve (gjeld ungdom under 18 år).
- Du treng førebuande opplæring i fag eller grunnleggjande ferdigheiter. Dette er eit skjønnsmessig vilkår som inneber at du må ha eit konkret behov for førebuande opplæring.
Både opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.
[legislation] =>Opplæringslova § 18-2 (Rett til førebuande opplæring for vaksne)
Opplæringslova § 5-1 (Rett til vidaregåande opplæring
Forskrift til opplæringslova, fjerde delen (- førebuande opplæring og vidaregående opplæring for vaksne)
[guidance] =>Vaksenopplæringa i kommunen kan hjelpe deg med å søkje om førebuande opplæring. Du kan også be andre hjelpe deg med søknaden viss du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt.
[administrations] =>Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.
[appeal] =>Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Statsforvaltaren.
Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.
Du kan også klage om du er misnøgd med opplæringa du får. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Statsforvaltaren.
[topics] => Grunnskole, opplæring, førebuande opplæring, vitnemål, vaksen, individuell plan, utdanning, skolegang, kompetanse, vaksenopplæring, ferdigheit, grunnleggjande ferdigheit, undervisning, ungdomsskole, fag, eksamen, kompetansebevis, folkeskole, barneskole, skole, elev )Template: