Individuell tilrettelegging for vaksne (grunnskole og grunnleggande ferdigheiter)

Beskrivelse

Tar du førebuande opplæring for vaksne utan å få tilfredsstillande utbyte av undervisninga, kan du få individuelt tilrettelagd undervisning.

Du kan også få individuelt tilrettelagd undervisning dersom du treng å utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter (som lese- og skriveferdigheiter og daglege gjeremål).

For å få individuelt tilrettelagd undervisning må først behova dine kartleggjast. Det er PP-tenesta (pedagogisk-psykologisk teneste) i kommunen som gjer kartlegginga og gir ei fagleg vurdering av behovet for individuell tilrettelegging.

Den individuelle tilrettelagde undervisninga skal vere tilpassa situasjonen din og kan f.eks. innebere:

  • fleire eller andre fag enn vitnemålsfaga 
  • avvik frå læreplanen for eitt eller fleire fag
  • fysisk tilrettelegging, tilpassa utstyr eller eigne læremiddel
  • eine-undervisning eller hjelp av ein assistent
  • lærar med spesialkompetanse (spesialpedagog, logoped e.l.)
  • opplæring i daglege gjeremål (ADL-trening)
  • trening i grunnleggande kommunikasjonsferdigheiter
  • motorisk trening

Utforminga av individuelt tilrettelagd undervisning skal skje i samarbeid med deg (eventuelt verjen din). Du skal få ein individuell opplæringsplan (IOP) som inneheld:

  • målet for opplæringa
  • innhaldet i opplæringa
  • korleis læringa skal organiserast

Vaksenopplæringa i kommunen skal éin gong i året utarbeide ein rapport som oppsummerer opplæringa som er gjennomført, og gir ei vurdering av utviklinga di.

Målgruppe

Vaksne som har behov for førebuande opplæring i fag eller grunnleggjande ferdigheiter og for eksempel har:

  • lese-, skrive- eller matematikkvanskar
  • lære- eller konsentrasjonsvanskar
  • syns- eller høyrselshemming
  • omfattande skade, sjukdom eller funksjonsnedsetting
  • afasi
  • psykiske eller sosiale vanskar
Vilkår

Du må vere over opplæringspliktig alder (vanlegvis 16 år) og enten:

  • ikkje få tilstrekkeleg utbyte av den ordinære vaksenopplæringa, eller
  • ha eit opplæringsbehov knytt til grunnleggande ferdigheiter
Lover

Opplæringslova kap. 11 (Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging)

Opplæringslova § 19-5 (Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging for vaksne deltakarar)

Veiledning

Vaksenopplæringa i kommunen kan hjelpe deg med å søkje om individuell tilrettelagd undervisning. Du kan også be andre hjelpe deg med søknaden viss du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt.

Deltar du allereie i ordinær vaksenopplæring, men strevar med å følje undervisninga, bør du ta kontakt med læraren og fortelje om utfordringane du opplever. Vaksenopplæringa vil då først vurdere og eventuelt prøve ut tiltak som kan gi deg betre utbyte av det ordinære opplæringstilbodet. Dersom dette ikkje hjelper, tar vaksenopplæringa kontakt med PP-tenesta.

Saksbehandling

Vaksenopplæringa i kommunen sender ei tilvising til PP-tenesta for ei fagleg vurdering. Du eller verjen din må samtykke til tilvisinga.

PP-tenesta gjer ei kartlegging for å danne seg eit fullstendig bilete av føresetnadene og behova dine. Dette skjer gjennom samtale, observasjon og testing. Deretter gir PP-tenesta si faglege vurdering, som dannar grunnlag for avgjerda om individuelt tilrettelagd undervisning. Vurderinga og tilrådinga frå PP-tenesta blir send til kommunen.

Kommunen avgjer om du har rett til individuell tilrettelegging på bakgrunn av tilrådinga til PP-tenesta. Du har rett til å uttale deg før den endelege avgjerda blir tatt, og kommunen skal leggje stor vekt på dine synspunkt. Du vil få avgjerda til kommunen send til deg, enten du får innvilga individuelt tilrettelagd undervisning eller får avslag.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga i kommunen som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Statsforvaltaren.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis den individuelt tilrettelagde undervisninga blir utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Statsforvaltaren.

Los-ord
grunnskole, grunnskoleopplæring, grunnskolekompetanse, grunnskolepensum, barneskole, ungdomsskole, pedagogisk-psykologisk teneste, PP-teneste, PPT, undervisning, skole, elev, læring, vaksenopplæring, tilrettelagt, tilrettelegging, tilpassa, tilpassing, spesialpedagog, spesiallærar, logoped, lærevanskar, lesevanskar, skrivevanskar, logoped, audiopedagog, teiknspråk, punktskrift, blindeskrift, braille, døv, høyrslehemma, høyrsleskada, høyrselshemming, blind, svaksynt, synshemma, synshemming, ordblind, ordblindheit, talblind, talblindheit, dysleksi, dyskalkuli, skade, sjukdom, afasi, funksjonshemma, funksjonsnedsetting, handicap, ADHD, ADD, ASD, autisme, autist, Aspergers syndrom, IOP, individuell opplæringsplan, ADL

DebugView   v2