Gravlegat for stell av gravstad
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 04.01.2021 20:26:32 [pagecreatedby] => cathrine [pagename] => Gravlegat for stell av gravstad [description] =>Er du ansvarleg for ein gravstad, har du rett og plikt til å stelle denne. Du kan la kyrkjeverja stelle grava for deg ved å opprette eit gravlegat. Kyrkjeverja vil då sørgje for innkjøp av blomar, opparbeiding av bed, planting og vatning av grava.
Du kan opprette avtale om gravlegat med valfri lengde; 5, 10, 15 eller 20 år, men ikkje lengre enn lengda på fredingstida ved fri grav eller lengda på festetida ved festegrav.
Dersom du ikkje opprettar gravlegat og heller ikkje steller grava sjølv, vil kyrkjeverja så gras på plantefeltet på grava.
[audience] =>Ansvarleg for gravstad.
[conditions] =>Gravlegat kan ikkje vare lenger enn fredingstida eller festetida til grava.
[partners] =>Kyrkjeleg fellesråd i kommunen (kyrkjeverja)
[related] =>Innbetaling til gravlegat skjer forskotsvis. Beløpet blir berekna ut frå prisen i opprettingsåret og ganga med kor mange år du ønskjer. Prisen omfattar både innkjøp og utplanting av blomar, stell og administrasjon av gravlegatet.
Prisauke over tid kan medføre at innbetalinga ikkje er tilstrekkeleg. Du får då høve til å betale inn meir slik at midlane varer heile perioden. Dersom du ikkje betaler inn meir, vil vedlikehaldet slutte når midlane er oppbrukte. Er det pengar igjen, vil du ikkje få tilbakebetalt, men midlane vil gå til forbetring av kyrkjegarden.
Du kan trekkje frå beløpet som ein utgiftspost i arvemeldinga til Skatteetaten.
[legislation] =>Gravplasslova § 15 (Festaren sine rettar og plikter)
Gravplassforskrifta § 16 (Fri grav og feste av grav)
Gravplassforskrifta § 17 (Feste av gravstad)
Gravplassforskrifta § 26 (Ansvar)
[topics] => Grav, kremasjon, kiste, dødsfall, gravlegging, gravferd, gravfeste, gravminne, blomar, gravstell, legat, planting, legatperiode, fredingstid, festetid, gravfond )
Template: