Familievernkontor

Beskrivelse

Opplever du vanskar, konfliktar eller kriser i familien kan du søkje hjelp hos familievernkontoret. Der får du tilbod om samtalar og rådgiving. Familievernkontoret tar imot enkeltpersonar, par og familiar – også barn og unge.

På familievernkontoret arbeider mellom anna psykologar og sosionomar med vidareutdanning i familieterapi. Alle tilsette har teieplikt, men er du under 16 år, har familievernkontoret plikt til å informere foreldra dine om dei synest det er nødvendig.

Familievernkontoret tilbyr rådgiving og samtalar (terapi) for ulike fasar i eit familieliv og livsløp:

  • gifte, sambuande og særbuande der utgangspunktet er problem i parforholdet eller forhold i samband med samlivsbrot
  • nybakte foreldre som skal omstille seg og ta ansvar og vise omsorg
  • foreldre, barn og ungdom som strevar med samspelet i familien
  • problem mellom generasjonane
  • handtering av problem etter samlivsbrot
  • hjelp til å betre samarbeidet for foreldre som ikkje bur saman
  • utfordringar med «dine, mine og våre» barn
  • familiar som slit med sjukdom og tap 
  • bistand ved konfliktar mellom ulike familiekulturar
  • tvangsekteskap og helseskadelege skikkar, t.d. omskjering av jenter
  • tilbod til foreldre og barn som opplever vald

Familievernkontoret utfører også lovpålagd mekling, der målet er å finne gode løysingar for foreldreansvaret og situasjonen for barna. Mekling blir gjennomført når:

  • ektepar eller sambuarar med felles barn under 16 år blir separerte
  • foreldre som ikkje bur saman ønskjer rettssak om bustad, samværsrett eller foreldreansvar

Familievernkontoret tilbyr ulike kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema:

  • samlivskurs
  • parkurs for nybakte foreldre (Godt samliv)
  • kurs for foreldre med barn som har nedsett funksjonsevne, fysiske eller psykiske vanskar eller kronisk sjukdom (Kva med oss?)
  • samtalegrupper for barn og vaksne etter samlivsbrot
  • samtalegrupper for barn og vaksne som opplever vald i familien

Det finst familievernkontor i alle fylke, sjå oversikt på nettsida til Bufdir. Dei er enten statlege eller kyrkjelege, men er underlagt det same lovverket og blir godkjende av Barne- og likestillingsdepartementet. Familievernkontoret vil vise respekt for ditt livssyn.

Målgruppe
  • Enkeltpersonar
  • Par
  • Familiar
Lover
Veiledning

Du kan ringe eller sende ein e-post til det lokale familievernkontoret for å bestille time. Du treng ikkje tilvising for å ta kontakt. Du kan kontakte familievernkontoret sjølv, eller nokon kan gjere det for deg.

Klage

Statsforvaltaren i fylket er tilsynsstyresmakt for familievernkontoret. Dersom du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med tenesta, kan du sende ein klage til Statsforvaltaren. Familievernkontoret har plikt til å hjelpe deg med klagen.

Los-ord
Konflikt, krise, samtale, terapi, rådgiving, familie, barn, unge, foreldre, kommunikasjon, teieplikt, samlivsbrot, skilsmisse, separasjon, skild, sambuar, ektefelle, kultur, tvangsekteskap, vald, sjukdom, funksjonshemma, mekling, samvær, foreldreansvar, bustad, samlivskurs, parkurs, kurs,

DebugView   v2