Løyve for skjenking av alkohol i ope arrangement (enkelt, bestemt høve)
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 01.12.2020 19:59:01 [pagecreatedby] => cathrine [pagename] => Løyve for skjenking av alkohol i ope arrangement (enkelt, bestemt høve) [description] =>Skal du arrangere festival, konsert eller anna klart avgrensa arrangement som er ope for publikum og servere alkoholhaldig drikke, må du søkje kommunen om skjenkeløyve.
Løyvet kan gjelde:
- skjenking av drikke med mellom 2,5 og 4,7 volumprosent alkohol (øl)
- skjenking av drikke med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent (øl og vin)
- skjenking av all alkoholhaldig drikke (øl, vin og brennevin)
Dersom arrangementet blir halde i eit lokale som allereie har skjenkeløyve, treng du ikkje å søkje.
[audience] =>Personar eller verksemder som skal halde arrangement som skal vere ope for publikum.
[conditions] =>Du må kjenne vedtektene i alkohollovgivinga, men det er ikkje krav om bestått kunnskapsprøve.
Du må peike ut ein styrar og avløysar som skal ha ansvaret for skjenkinga. Begge må ha fylt 20 år og kunne vise legitimasjon. Kommunen kan gjere unntak frå kravet om avløysar pga. størrelsen på skjenkestaden eller karakteren til arrangementet.
[related] =>Løyvegebyr på kommunalt skjenkeløyve blir fastsett for eitt kalenderår om gongen. Du finn satsane i kapittel 6 i alkoholforskrifta.
Du betaler eit fast minstebeløp for sjølve arrangementet. I tillegg bereknar kommunen eit gebyr for omsett mengde alkohol. Du må derfor sende kommunen ei omsetningsoppgåve i etterkant av arrangementet. Du vil bli etterfakturert dersom berekna gebyr overstig minimumsbeløpet. Kommunen kan i særlege tilfelle setje gebyret lågare.
[legislation] =>Alkohollova § 4-2 (Omfanget av løyvet)
Forskrift om omsetning av alkoholhaldig drikk
[guidance] =>Du må sende søknad til kommunen. Du må m.a. leggje ved kopi av legitimasjon for styrar og avløysar. Kommunen kan ha tilleggskrav til dokumentasjon. Du bør skaffe deg ei oversikt over desse krava før du søkjer. Kommunen vil gi rettleiing ved behov.
[deadline] =>Du bør søkje minst 30 dagar før arrangementet skal finne stad.
[administrations] =>Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.
Kommunen innhentar fråsegner frå politiet og NAV.
Det er opp til kommunen å vurdere om du skal få innvilga søknaden din. Får du avslag, må kommunen gjere greie for grunnen til dette.
[appeal] =>Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Statsforvaltaren.
Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.
[other] =>Skjenkeløyve for alkohol – informasjon frå Helsedirektoratet
[topics] => alkoholsal, servering, alkohol, skjenking, løyve, pub, restaurant, bar, drink, vin, øl, brennevin, champagne, sjampanje, utestad, diskotek, disco, disko, hotell, pensjonat, dansestad, enkelthøve, arrangement, selskap, gjester, selskapslokale, drikke, festival, konsert, tilstelling, marknad, martnan )Template: