Innsynsrett – offentlege dokument
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 01.12.2020 20:18:24 [pagecreatedby] => cathrine [pagename] => Innsynsrett – offentlege dokument [description] =>Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register. Alle saksdokument i kommunen er offentlege dersom det ikkje er gjort unntak med bakgrunn i lova.
Alle har rett til innsyn i saksdokument, journalar og liknande register etter offentleglova, med visse unntak:
- Kommunen har plikt til å nekte innsyn i opplysningar som er underlagde teieplikt (t.d. personlege helseopplysningar).
- Kommunen har høve til å nekte innsyn i opplysningar for å verne eigne eller andre sine interesser (t.d. namn på søkjarar til kommunale stillingar og prisar i offentlege anbod).
Du har som hovudregel også innsyn i interne dokument (t.d. saksliste eller saksdokument til kommunestyre og dokument til/frå kommunale avdelingar).
Innsynsretten er basert på offentlegprinsippet; demokrati, kontroll, rettstryggleik og informasjonstilgang. Innsyn aukar tilliten til kommunen og gir deg høve til å påverke og kontrollere verksemda til kommunen.
Er du sjølv part i saka du ønskjer innsyn i, gjeld også reglane i forvaltningslova.
[audience] =>Alle
[related] =>Kommunen kan krevje betalt for utskrifter, kopiar og utsending m.o.t. offentlegforskrifta § 4.
[legislation] =>Offentleglova § 3 (Hovudregel)
Offentleglova kap. 3 (Unntak frå innsynsretten)
Offentlegforskrifta § 4 (Betaling for innsyn)
Forvaltningslova § 18 (Partane sitt høve til å gjere seg kjende med dokumenta i saka)
[guidance] =>Dersom du ønskjer å få innsyn i ei sak, kan du
- gå inn på nettsida til kommunen og søkje i offentleg postjournal
- ta kontakt med kommunen
Du treng ikkje opplyse om namnet ditt, med mindre du er part i ei sak som ikkje er til offentleg innsyn og ønskjer innsyn i denne. Då krev kommunen at du identifiserer deg.
Kravet om innsyn kan vere skriftleg eller munnleg. Det kan gjelde ei bestemt sak eller saker av ein bestemt type. Du kan krevje kopi på papir eller som elektronisk dokument tilsendt per e-post.
[administrations] =>Krav om innsyn skal avgjerast så raskt som mogeleg. Det betyr vanlegvis same dag eller innan tre arbeidsdagar. Dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar frå kommunen tok imot kravet ditt, kan du rekne dette som eit avslag. Du vil få tilsendt ei grunngiving for avslaget innan ti arbeidsdagar etter at kravet blei tatt imot. Kommunen skal då vise til den vedtekta som er grunnlaget for avslaget, og opplyse om høvet til å klage og klagefristen.
[appeal] =>Får du ikkje svar på innsynskravet innan fem arbeidsdagar, blir det rekna som eit avslag, og du har rett til å klage. Statsforvaltaren er klageinstans, men klagen skal sendast til kommunen.
Klagen skal avgjerast så raskt som mogeleg. Statsforvaltaren kan:
- halde fast på avslaget
- gi deg innsyn
- gjere dokumentet tilgjengeleg for allmenta
Template: