Krisesenter
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 15.07.2024 09:21:59 [pagecreatedby] => ssp [pagename] => Krisesenter [description] =>Har du opplevd vald eller overgrep frå nokon som du har eit nært forhold til? Føler du deg trua eller er redd for nokon i familien? Blir du krenka, kontrollert eller latterleggjort? På krisesenteret kan du få vern, råd og rettleiing.
Tør du ikkje lenger bu heime, kan krisesenteret tilby deg ein trygg stad å bu i ein overgangsperiode. Har du barn, kan du sjølvsagt ta dei med deg. Butilbodet til kvinner og menn er fysisk åtskilt.
Krisesenteret vil saman med deg vurdere kva som skal til for at du skal føle deg trygg på senteret. Om krisesenteret ikkje kan gi godt nok vern, vil kommunen og politiet saman finne ein trygg bustad til deg.
Har du ikkje behov for å bu på krisesenteret, kan du komme til samtale på dagtid. Du kan også ta kontakt per telefon.
Krisesenteret tilbyr deg:
- eit menneske å snakke med som møter deg med forståing og sympati
- hjelp til å komme i kontakt med andre tenester, som for eksempel advokat, lege, politi og barnevern
- informasjon om kva for rettar du har, og råd og rettleiing
- hjelp til å finne ny bustad
- anna praktisk hjelp og støtte
Kvinner, menn og barn som er utsette for vald, eller trugslar om vald, i nære relasjonar
[conditions] =>Krisesenteret har opplysingsplikt til barnevernet når det er grunn til å tru at barn blir utsette for grov omsorgssvikt.
[related] =>Alle tenester ved krisesenteret er gratis. Bur du på krisesenteret i ein periode, må du rekne med å betale litt for mat.
[legislation] =>Forskrift om fysisk tryggleik i krisesentertilbodet
[guidance] =>Krisesenteret er ope heile døgnet. Du kan ringje eller møte opp utan avtale. Ringjer du, kan du velje å vere anonym.
[administrations] =>Alle som arbeider på krisesenteret har spesialkompetanse og erfaring frå arbeid med vald og overgrep. Dei tilsette har teieplikt og har derfor ikkje lov til å dele opplysningar om deg med andre, utan at du gir løyve til det eller det er fare for liv og helse. Andre som brukar senteret har heller ikkje lov til å fortelje vidare det dei får vite om deg.
Krisesenteret skaffar tolk dersom du har behov for det.
[appeal] =>Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen eller direkte til krisesenteret.
[contact] =>Oversikt over hjelpetilbod (dinutvei.no)
Kontakt politiet på telefonnummer 02800 hvis du:
- blir trua
- er redd for å bli skada eller drepen
- blir utsett for alvorleg vald
dinutvei.no (Nasjonal vegvisar ved vald og overgrep)
Hvor lite skal du finne deg i? (Politiet)
[topics] => Vald, valdeleg, valdshandling, valdsutøving, familievald, familieproblem, overgrep, konflikt, krise, samlivsproblem, samlivsbrot, ekteskapsproblem, skilsmisse, separasjon, skild, sambuar, ektefelle, åtferdsproblem, rusproblem, rusmisbruk, alkoholproblem, alkoholmisbruk, overgrep, incest, misbruk, seksuelt misbruk, valdtekt, valdtatt, juling, slagsmål, slåsting, avstraffing, straff, trakassering, krenking, hets, trussel, truslar )Template: