Kommunal vigsel
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 18.10.2021 14:23:02 [pagecreatedby] => ssp [pagename] => Kommunal vigsel [description] =>Ein kommunal vigsel er inngåing av ekteskap utan medverknad frå eit trus- eller livssynssamfunn.
Ønskjer du kommunal vigsel, kan ordførar, varaordførar eller ein annan tilsett eller folkevald i kommunen stå for seremonien.
[audience] =>Par som ønskjer å inngå ekteskap (både av same og motsett kjønn)
[conditions] =>Før de gifter dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg. Vilkåra går fram av kapittel 1 i ekteskapslova som m.a. seier:
- Personar under 18 år kan ikkje gifte seg, heller ikkje med samtykke frå foreldre.
- Ingen kan tvingast til ekteskap mot sin vilje.
- Ekteskap kan ikkje inngåast mellom slektningar i rett opp- eller nedstigande linje eller mellom søsken.
- Nytt ekteskap kan ikkje inngåast så lenge eit tidlegare ekteskap eller partnarskap består.
Partnarskap som er inngåtte tidlegare, kan gjerast om til ekteskap ved å sende søknad til Skatteetaten.
[partners] => [related] =>Kommunal vigsel er gratis for:
- kommunens eigne innbyggjarar
- personar som ikkje er busette i Noreg, men som oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap her
Vigsel for andre enn desse vil medføre ein kostnad som du får beskjed om når du tar kontakt med kommunen.
Ønskjer du seremoni på eit anna tidspunkt eller ein annan stad enn kommunen tilbyr, må du rekne med å dekkje tilleggskostnader sjølv.
[legislation] =>Forskrift om kommunale vigsler
[guidance] =>Send inn nødvendige papir til Skatteetaten i god tid før bryllaupet:
- Eigenerklæring
- Forlovarerklæring
- Erklæring om skifte, dersom du har vore gift tidlegare
- Melding om endring av namn, dersom du skal byte namn
Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Prøvingsattesten er gyldig i 4 månader.
Når de har fått prøvingsattesten, kan de bestille vigsel i kommunen. Gyldig legitimasjon må leggjast fram.
[application] =>Erklæring frå brudefolka før prøving av ekteskapsvilkåra
[deadline] =>Start prosessen i god tid før den planlagde datoen for seremonien, hugs at både Skatteetaten og kommunen har ei behandlingstid på 2–3 veker.
[administrations] =>Kommunen gir tilbod om eit eigna lokale, og opplyser når dei kan tilby vigslar og kven som kan vere vigslar.
De må ha to vitne som må vere til stades under seremonien. Dette er gjerne forlovarane.
Under seremonien les vigslaren «Det borgarlege vigselsformularet». Seremonien kan tilpassast med eigenvald tekst og musikk utover dette. Men merk at det er opp til kommunen å vurdere kva dei vil tillate av ekstra innhald.
Etter seremonien sender kommunen ei vigselsmelding til Skatteetaten som de også får ein kopi av. Vigselsmeldinga fungerer som midlertidig vigselsattest til de får den endelege attesten frå Skatteetaten.
[other] =>Veien til ekteskapet - steg for steg (Skatteetaten)
[topics] => Ekteskap, vigsel, giftemål, giftarmål, gifting, partnarskap, bryllaup, seremoni, ektestand, ektefelle, partnar, gifte seg, hjonelag, hjonskap, bryllaupsfest, borgarleg, ekteskapsinngåing, vigslar )Template: