Løyve for skjenking av alkohol (skjenkeløyve)
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 01.12.2020 19:58:22 [pagecreatedby] => ssp [pagename] => Løyve for skjenking av alkohol (skjenkeløyve) [description] =>Driv du serveringsstad og skal selje alkoholhaldig drikke, må du søkje kommunen om skjenkeløyve. Du må også søkje om serveringsløyve, dersom du ikkje har dette frå før. Politiet kan stenge ein stad som sel alkoholhaldig drikke utan å ha skjenkeløyve.
Kommunen kan gi skjenkeløyve for inntil fire år, men kan også bestemme at alle eller enkelte løyve kan vidareførast i inntil fire nye år utan å krevje ny søknad.
Når løyveperioden går ut, må du søkje om fornying. Du kan også søkje løyve for ein bestemt del av året .
Du søkjer éin av tre løyvetypar:
- skjenking av drikke med mellom 2,5 og 4,7 volumprosent alkohol
- skjenking av drikke med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent
- skjenking av all alkoholhaldig drikke
Du pliktar å melde frå til kommunen dersom det skjer endringar i løyveperioden, som for eksempel ved:
- skifte av styrar og avløysar
- endring av driftskonseptet
- endring i eigarforholdet
Kommunen godkjenner endringane, eller krev at du søkjer om nytt skjenkeløyve.
Blir verksemda overdregen til andre, fell løyvet bort. Skjenkinga kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader, under føresetnad av at kommunen har fått melding om overdraginga. Søknad om nytt løyve må sendast så snart som mogeleg og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.
Du kan òg søkje om utvida løyve for:
- import av alkoholhaldig drikke til skjenking ved eigen serveringsstad
- tilverking av alkoholhaldig drikke til skjenking ved eigen serveringsstad (berre for drikke under 22 volumprosent alkohol)
Verksemder eller enkeltpersonføretak som skal drive serveringsstad og servere alkoholhaldig drikke.
[conditions] =>For å få skjenkeløyve må du enten ha eit serveringsløyve eller søkje om dette samtidig.
Vidare må du som løyvesøkjar og personar med vesentleg innverknad (t.d. medeigarar) på verksemda, ha:
- uklanderleg vandel i forhold til alkohollova og andre lover som har samanheng med formålet til alkohollova
- uklanderleg vandel i forhold til skatte-, avgifts- og rekneskapslovene
Du må også peike ut ein styrar og avløysar for salsstaden. Desse personane må ha:
- fylt 20 år
- bestått kunnskapsprøva for alkohollova
- bestått etablerarprøva (gjeld berre styraren)
- Lensmann/politi (uttalar seg om vandel)
- Skatteetaten (uttalar seg om overhalding av skatte-, avgifts- og rekneskapslovene)
- Vaktselskap eller eigne kontrollørar frå kommunen
Løyvegebyr på kommunalt skjenkeløyve blir fastsett for eitt kalenderår om gongen. Du finn satsane i kapittel 6 i alkoholforskrifta.
Ved årsskiftet må du sende inn ei omsetningsoppgåve til kommunen med:
- kor mange liter alkoholhaldig drikke du har selt i året som har gått
- kor mange liter alkoholhaldig drikke du ventar å selje det kommande året
Størrelsen på gebyret blir berekna ut frå kva du ventar å omsetje. Kommunen kan gjere etterrekneskap og etteroppgjer; du vil bli etterfakturert om du har hatt høgare omsetning enn du venta, og du kan få ettergitt delar av gebyret om du har hatt lågare omsetning enn du venta.
[legislation] =>Forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk
[guidance] =>Du må sende søknad til kommunen. Som vedlegg til søknaden må du sende:
- Planteikningar over arealet og funksjonane i lokalet
- Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve i alkohollova for styrar og avløysar
- Dokumentasjon på bestått etablerarprøve for styraren
- Dokumentasjon på at styrar og avløysar er registrerte i arbeidstakarregisteret (NAV) og har lovleg arbeidskontrakt
- Firmaattest frå Brønnøysundregistra
- Skatteattest for løyvesøkjaren og andre med vesentleg innverknad på verksemda
Kommunen kan ha tilleggskrav til dokumentasjon. Du bør skaffe deg ei oversikt over desse krava før du søkjer. Kommunen vil gi rettleiing ved behov.
[administrations] =>Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg, og du må rekne med ei saksbehandlingstid på ca. tre månader.
Kommunen innhentar fråsegner frå politiet, NAV og skatte- og avgiftsstyresmaktene.
Det er opp til kommunen å vurdere om du skal få innvilga søknaden din. Får du avslag, må kommunen gjere greie for grunnen til dette.
Kommunen skal kontrollere skjenkestaden minst éin gong i året. Kontrollen kan gjennomførast ope eller anonymt. Seinast éi veke etterpå vil du få ein rapport. Dersom kontrollen avdekka at du ikkje oppfyller pliktene dine etter lova, kan du bli belasta med éin eller fleire prikkar. Ved tolv eller fleire prikkar i løpet av ein periode på to år, vil skjenkeløyvet bli inndratt i minimum éi veke.
[appeal] =>Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Statsforvaltaren.
Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.
[other] =>Skjenkeløyve for alkohol (Helsedirektoratet)
Kunnskapsprøva (Helsedirektoratet)
[topics] => Alkohol, skjenkjing, løyve, pub, restaurant, drink, vin, øl, brennevin, champagne, sjampanje, utestad, diskotek, hotell, pensjonat, servering, dansestad )Template: