Barnehage (ordinær) – godkjenning av verksemd
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 29.08.2023 12:23:17 [pagecreatedby] => ssp [pagename] => Barnehage (ordinær) – godkjenning av verksemd [description] =>Har du planar om å etablere barnehage, må du først få godkjenning av kommunen. Slik sikrar kommunen tilbodet om gode barnehagar med forsvarleg drift.
Barnehagen må søkje godkjenning både etter forskrift om helse og miljø i barnehagar, skular og skulefritidsordningar og barnehagelova og må mellom anna:
- utarbeide vedtekter med opplysningar om formål, opptakskriterium og opningstider
- etablere foreldreråd og samarbeidsutval for å sikre samarbeidet med heimane
- føre internkontroll (systematisk HMS-arbeid)
- følgje arealnorma for barnehagar
- oppfylle krav til inneklima og luftkvalitet, f.eks. gjennomføre radonmåling
Personar, føretak eller stiftingar som planlegg å etablere barnehage
[conditions] =>Alle barnehagar med regelmessig verksemd som tar betalt for opphald, må søkje godkjenning etter forskrift om miljøretta helsevern.
I tillegg må du søkje godkjenning etter barnehagelova, med mindre:
- ingen av barna skal ha opphaldstid på meir enn 20 timar per veke, eller
- det til ei kvar tid vil vere færre enn ti barn over tre år (eller færre enn fem barn under tre år) til stades samtidig.
Forskrift om helse og miljø i barnehagar, skular og skulefritidsordningar
Forskrift om rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver
Forskrift om tilskot til private barnehagar
Forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehagar
Forskrift om politiattest i barnehagar
[guidance] =>Du bør kontakte kommunen tidleg i planlegginga for å få informasjon om kva for krav kommunen stiller, kva for skjema du skal nytte og kva for godkjenningar og fråsegner du må leggje ved. Du bør også avklare om det er mogeleg å få offentleg tilskot.
For å få godkjenning etter forskrift for miljøretta helsevern i skolar osv., må du mellom anna beskrive:
- inneklima og luftkvalitet
- rutinar for reingjering og vedlikehald
- tryggleik og helsemessig vernebuing
- sanitære forhold og avfallshandtering
Søknad om godkjenning etter barnehagelova må mellom anna innehalde:
- fasadeteikning, planteikning, kart over utearealet og utandørsplan
- oversikt over talet på barn og alderssamansetnad
- oversikt over talet på tilsette med og utan pedagogisk utdanning
- forslag til vedtekter og budsjett
- politiattest for eigar av barnehagen, eigar av lokala og dei tilsette
Søknader blir behandla fortløpande.
[administrations] =>Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.
[appeal] =>Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Statsforvaltaren.
Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.
[other] =>Godkjenning av barnehagar (Utdanningsdirektoratet)
Rettleiar til forskrift om helse og miljø i barnehagar, skular og skulefritidsordningar (Helsedirektoratet)
Rammeplan for barnehagen (Utdanningsdirektoratet)
[topics] => Barn, barnehage, etablering, barnehageetablering, barnepark, barnepass, barnehagelokale, gardsbarnehage, friluftsbarnehage, idrettsbarnehage, ernæringsbarnehage, naturbarnehage, heildagsbarnehage, halvdagsbarnehage, privat barnehage, kyrkjelydsbarnehage, rammeplan )Template: