Skulehelseteneste
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 03.07.2024 08:40:47 [pagecreatedby] => ssp [pagename] => Skulehelseteneste [description] =>Er du skoleelev og under 20 år, får du gratis tilbod om helsetenester hos helsesjukepleiar på skolen. Du vil bli innkalla til undersøkingar og vaksinasjon. I tillegg vil helsesjukepleiar hjelpe deg om du har skada deg på skolen, eller om du treng nokon å prate med om vanskelege ting. Du kan snakke med helsesjukepleiar om krangling, forelsking og kjærleikssorg, mobbing, pubertet, sjølvskading, problem heime, trening, slanking og vekt, tungsinn, røyking og rus, sex og prevensjon og mykje anna.
Læraren din treng ikkje å få vite kva du har snakka med helsesjukepleiar om. Er du under 16 år, har helsesjukepleiaren plikt til å informere foreldra dine om ho synest det er nødvendig.
Formålet med skolehelsetenesta er å:
- gi råd og rettleiing om helse, oppvekst og utvikling
- fremje psykisk og fysisk helse
- fremje eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- bidra til gode sosiale forhold
- førebyggje sjukdommar og skadar
Når det er nødvendig, kan skolehelsetenesta vise vidare til f.eks. lege, tannlege, fysioterapeut eller psykolog.
[audience] =>- Skoleelevar under 20 år
- Foreldre til skoleelevar under 16 år
Foreldre, helsestasjonslege, skole, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), barnevern
[related] =>Skolehelsetenesta er gratis.
[legislation] =>Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 (Kommunen sitt ansvar for helse- og omsorgstenester)
Opplæringslova kap. 12 (Skolemiljøet til elevane)
Pasient- og brukarrettslova kap. 7 (Klage)
Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetenesten
Forskrift om miljøretta helsevern i skoler mv
[guidance] =>Du kan når som helst kontakte helsesjukepleiar. I tillegg har skolehelsetenesta nokre faste oppgåver.
Du vil m.a. få tilbod om desse vaksinane frå barnevaksinasjonsprogrammet:
- Oppfriskingsdose av vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio (2. trinn)
- Oppfriskingsdose av vaksine mot meslingar, kusma og raude hundar – MMR-vaksinen (6. trinn)
- HPV-vaksine, førebygging av livmorhalskreft (7. trinn, berre jenter)
- Oppfriskingsdose av vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio (10. trinn)
Du vil også bli kalla inn til måling og veging mens du går på 3. trinn og 8. trinn. Målinga vil skje utan andre enn helsesjukepleiar til stades, og resultatet blir ikkje delt med andre.
[appeal] =>Dersom du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta blir utført, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til skolehelsetenesta. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, kan du klage til Statsforvaltaren.
[topics] => skolehelseteneste, helsesøster, helsesjukepleiar, barn, ungdom, skole, vidaregåande, elevar, helse, råd, rettleiing, vaksinasjon, vaksine, veging, måling, undersøking, prevensjon, rus, røyking, mobbing, pubertet, sjukdom, fysioterapi, psykolog, barnevern, ppt, pp-teneste, pedagogisk-psykologisk )Template: