Startlån bustad

Beskrivelse

Skal du kjøpe bustad, men får ikkje nok lån i banken til å finansiere kjøpet, kan du søkje kommunen om startlån.

Du kan få startlån av kommunen for heile kjøpesummen eller som tilleggslån der lån i banken ikkje er nok.

Du kan også få startlån for mellom anna å: 

  • refinansiere dyrt lån slik at du kan bli buande i noverande bustad
  • utbetre eller tilpasse noverande bustad
  • byggje ny bustad

Er det barn i husstanden, eller sosiale eller helsemessige utfordringar, tar kommunen omsyn til dette i si vurdering.

Målgruppe
  • barnefamiliar  
  • einslege forsørgjarar  
  • personar med nedsett funksjonsevne 
  • flyktningar og personar med opphaldsløyve på humanitært grunnlag 
  • økonomisk vanskelegstilte

Sjekk om du er i målgruppa (Husbanken)

Vilkår
  • Du må ha hatt problem med finansiering av sjølveigd bustad over lengre tid, og kunne vise at problema vil halde fram viss du ikkje får innvilga startlån.
  • Du må vise at du har spart det som er mogeleg innanfor dine økonomiske rammer.
  • Før du søkjer om startlån, må du først ha søkt om lån i bank eller annan privat låneinstitusjon.
  • Du må kunne betale renter og avdrag på lånet og samtidig ha nok pengar igjen til livsopphald. 
  • Bustaden må vere eigna for husstanden.
  • Bustaden må ha ein rimeleg pris i forhold til prisnivået i området han ligg i. 
  • Bustaden må liggje i den kommunen du søkjer lån hos.
Lover
Veiledning

Du må fylle ut søknadsskjemaet til Husbanken og sende det til kommunen. Hugs å få med alle nødvendige opplysningar og vedlegg, då går saksbehandlinga raskare.

Kommunen kan hjelpe deg med å søkje om startlån, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Når søknaden er ferdig behandla, får du eit skriftleg svar i form av ei førehandsgodkjenning som svarar til eit finansieringsbevis, eller eit avslag.

Får du førehandsgodkjenning, vil du bli kalla inn til eit møte med saksbehandlar. I møtet vil du få råd og informasjon om kva som ligg til grunn for godkjenninga før du signerer lånedokumenta. Når alle nødvendige papir er kontrollerte og signerte, vil lånebeløpet bli betalt ut.

Klage

Får du avslag på søknad om startlån eller er misnøgd med lånebeløpet, kan du klage.  Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Statsforvaltaren.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Los-ord
bustadfinansiering, lån, bustadlån, etableringslån, bustadkjøp, kreditt, bustad, bustadrente, heim, hus, huslån, husfinansiering, husvære, etablering, finansiering, finansieringsinstitusjon, låneinstitusjon, utbetring, utbetringslån, økonomi, bank, banklån, einsleg, funksjonsevne, funksjonsnedsetting, funksjonshemma, funksjonshemming, funksjonshemning, handicap, handikap, flyktning, vanskelegstilt, husstand, arbeidsledig, arbeidsufør, trygda, trygdemottakar, kronisk sjuk, betalingsevne, betalingsproblem, kredittverdig, kreditor, gjeld, gjeldsslave, gjeldsoffer, konkurs, refinansiere, refinansiering

DebugView   v2