Støtteperson/støttekontakt
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 17.06.2021 13:56:54 [pagecreatedby] => ssp [pagename] => Støtteperson/støttekontakt [description] =>Treng du nokon som kan delta på fritidsaktivitetar saman med deg, eller har du behov for å komme ut av eit isolert tilvære, kan du søkje om støtteperson.
Ein støtteperson kan besøkje deg heime, gå tur, bli med deg på biblioteket, på kafé, kino eller liknande. Ordninga er fleksibel, og det er dine ønskje, behov og føresetnader som avgjer kvar du og støttepersonen møtest og kva de gjer saman.
Tenesta kan organiserast på tre måtar:
- individuell støtteperson
- deltaking i ei aktivitetsgruppe
- individuelt tilbod i samarbeid med ein frivillig organisasjon
Barn, ungdom, vaksne og familiar som har behov for støtteperson på grunn av:
- funksjonshemming
- alder
- sosiale utfordringar
Det er dine og ev. behova til familien som er avgjerande ved tildeling av støtteperson. Kommunen vil i samarbeid med deg bestemme om du skal få støtteperson eller ev. andre tenester.
[related] =>Tenesta er gratis. Godtgjering til støttepersonen og ev. utgifter støttepersonen har, blir dekte av kommunen.
[legislation] =>Helse- og omsorgstenestelova kap. 3 (Kommunene sitt ansvar for helse- og omsorgstenester)
Helse- og omsorgstenestelova. kap. 7 (Individuell plan, koordinator og koordinerande enhet)
Pasient- og brukarrettslova kap. 7 (Klage)
[guidance] =>Kommunen kan hjelpe deg med å søkje om støtteperson, eller du kan be andre hjelpe deg viss du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt.
[administrations] =>Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.
[appeal] =>Du kan klage på avgjerda til kommunen etter pasient- og brukarrettslova. Fristen er fire veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
Klagen sender du til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen saka vidare til Statsforvaltaren.
[other] =>Fritid for alle – Om tenestetilbodet støttekontakt
Ung.no – Kva er ein støttekontakt?
Template: