Følgjekort for person med nedsett funksjonsevne
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 07.05.2024 14:25:34 [pagecreatedby] => ssp [pagename] => Følgjekort for person med nedsett funksjonsevne [description] =>Har du nedsett funksjonsevne og treng ein som deltar på aktivitetar saman med deg, kan du søkje om eit følgjekort frå kommunen. Følgjekortet gjer at den som følgjer deg kan få:
- reise for halv pris når du treng ein som hjelper deg på reisa
- gratis eller redusert pris på inngangsbillett til ulike arrangement og aktivitetar
- gratis overnatting eller til redusert pris på enkelte hotell
Du må sjølv betale gjeldande pris.
Følgjekortet er eit kort med namnet og adressa di og eit bilete av deg. Du viser fram kortet når du bestiller eller betaler og ved ein eventuell billettkontroll.
Denne logoen finn du på stader der dei godtar følgjekort:
Følgjekort kan vere aktuelt for deg med:
- rørslehemming
- høyrselshemming
- synshemming
- psykisk utviklingshemming
- skjult funksjonshemming som f.eks. hjarte-/lungesjukdommar eller alvorlege psykiske lidingar
- allergiar
Den nedre aldersgrensa for søkjarar er normalt åtte år.
[conditions] =>Kommunen vurderer ikkje økonomien din når dei behandlar søknaden, og ordninga er ikkje avhengig av om du får trygdeytingar.
[partners] =>- Offentlege og private arrangørar av kultur-, idretts- og fritidsarrangement
- Transportselskap
- Hotell
Det kostar ingenting å få følgjekortet.
Når du brukar følgjekortet, kjem følgjet ditt inn gratis eller til lågare pris på dei stadene som godtar følgjekort. Sjølv må du betale gjeldande billettpris.
[legislation] =>Tenesta er ikkje lovpålagd, og ordninga er ikkje innførd i alle kommunar.
Pasient- og brukarrettslova kap. 7 (Klage)
[guidance] =>Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om følgjekort.
I søknaden skal du beskrive kvifor du treng følgje. Få òg med om du har behov for hjelpemiddel som f.eks. rullestol. Du må leggje ved eit passbilete av deg sjølv. Du bør òg leggje ved ei fråsegn frå legen din eller nokon i helsevesenet som kjenner behovet ditt.
[administrations] =>Kommunen kan hente inn informasjon om behovet ditt for følgje frå lege, helseinstitusjon eller helse- og sosialetaten i kommunen.
Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.
[appeal] =>Du kan klage på avgjerda til kommunen etter pasient- og brukarrettslova. Fristen er fire veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
Send klagen til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, kan saka sendast vidare til Statsforvaltaren.
[topics] => funksjonhemma, medhjelpar, bevis, stønad, teneste, søknad )Template: