Oppdeling av grunneigedom (ny matrikkeleining)
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 04.10.2021 12:17:01 [pagecreatedby] => ssp [pagename] => Oppdeling av grunneigedom (ny matrikkeleining) [description] =>Ønskjer du å dele opp eigedommen din, det vil seie å skilje ut tomt, må du søkje kommunen om oppretting av ny grunneigedom etter plan- og bygningslova. Kommunen vil måle opp eigedommen din og kartleggje og beskrive grenser og rettar til eigedommen (oppmålingsforretning).
Resultatet dannar grunnlag for registrering i matrikkelen, der den nye grunneigedommen blir tildelt eit eige gards- og bruksnummer. Matrikkelen er det offentlege registeret over fast eigedom, med bygningar, bustader og adresser.
[audience] =>Registrert eigar av grunneigedom eller anleggseigedom i matrikkelen.
[conditions] =>
- Nabovarsling må vere utført
- Delinga må tilfredsstille dei aktuelle krava i plan- og bygningslova, f.eks. krav til veg, vatn og avløp
- Tiltaket må ikkje vere i strid med kommuneplanens reguleringsplan for området
Kartverket (Eigedomsinformasjon)
[related] =>All saksbehandling for saker etter plan- og bygningslova er pålagd gebyr som du finn i kommunens gebyrregulativ.
Du må også betale gebyr for oppmålingsforretninga etter gjeldande reglar og satsar. Kommunen kan i tillegg krevje at du dekkjer nødvendig tinglysingsgebyr og eventuell dokumentavgift.
[legislation] =>Plan- og bygningslova § 20-1 m (Tiltak som omfattes av byggesaksbestemmelsene)
Plan- og bygningslova § 21-7 (Tidsfrister med særskilte virkninger)
Matrikkellova kap. 3 (Vilkår for matrikulering og andre føringer som gjelder matrikkelenheter)
Matrikkellova kap. 7 (Oppmålingsforretning)
Matrikkellova § 46 (Klage)
Matrikkelforskrifta kap. 5 (Gebyr og betaling)
Matrikkelforskrifta kap. 6 (Tidsfrister og klage)
[guidance] =>Ta kontakt med kommunen, som vil hjelpe deg med å søkje om å opprette ny grunneigedom.
Du må varsle naboar og tverrbuar om den planlagde oppdelinga. Ein kan gi nabovarsel på tre måtar; enten ved e-post, personleg oppmøte eller ved rekommandert sending.
Når søknaden er godkjend, sender du rekvisisjon av oppmålingsforretning til kommunen. Rekvisisjonen skal vere skriftleg på skjema fastsett av Kartverket.
[application] =>Krav om matrikulering, herunder rekvisisjon av oppmålingsforretning
[administrations] =>Kommunen har plikt til å behandle søknaden din innan tre veker etter at dei har fått søknaden. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden før dei tre vekene har gått og ingen nabo eller tverrbu har protestert, kan du rekne løyve som gitt.
Dersom søknaden inneheld ein dispensasjon frå reglar gitt i eller med heimel i plan- og bygningslova, skal kommunen behandle søknaden din innan 12 veker.
Når søknaden er godkjend og du har rekvirert oppmålingsforretning, vil kommunen gjere ei oppmåling og registrere den nye grunneigedommen i matrikkelen. Dette skal skje innan 16 veker, dersom det ikkje er avtalt noko anna med deg.
Kommunen varslar om når oppmålingsforretninga skal gå føre seg. Varselet blir sendt til deg som eigar av eigedommen, til naboar og ev. andre partar som det vedkjem.
Når eigedommen er matrikkelført, får du stadfesting på dette.
[appeal] =>Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Statsforvaltaren.
Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.
[other] =>Dele frå ny eigedom (Kartverket)
Kva er matrikkelen? (Kartverket)
[topics] => Oppmåling, oppmålingsforretning, tomtekjøp, tomtefeste, eigedom, eigedomskjøp, eigedomssal, eigedomsomsetnad, tomtegrunn, tomteareal, areal, tomt, feste, tinglysing, grunneigar, grunneigedom, arv, skifte, frådeling, frådele, oppdeling, oppdele, utskilling, utskilje, landmåling, grense, grenseendring, grensetvist, nabo, nabotvist, nabogrense, tomtedeling, justering, oppmålingsbrev, matrikkelføring, matrikkel, matrikkeleining, ekspropriering, ekspropriasjon, parsell, parselldeling, anleggseigedom, kartforretning, delingsforretning )Template: