Ergoterapi
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 19.04.2021 13:43:47 [pagecreatedby] => ssp [pagename] => Ergoterapi [description] =>Ergoterapi skal hjelpe deg til å fungere optimalt i kvardagen når du har problem med å utføre daglege gjeremål på grunn av alder, funksjonsnedsetting, sjukdom eller skade.
Ergoterapi er ei nemning for behandling gjennom forskjellige former for tiltak og aktivitet og inneber blant anna:
- trening av daglege gjeremål og andre ferdigheiter
- tilpassing av aktivitetar, f.eks. arbeidsvanar
- kompensering for tapt funksjon med tekniske hjelpemiddel
- tilrettelegging for aktiv fungering i heim, barnehage eller skole
- rettleiing, informasjon og undervisning
- tilrettelegging og endring av bustad og/eller bustadplanlegging
Ergoterapi kan vere aktuelt i alle aldrar og livsfasar.
[audience] =>Personar som har problem med å klare daglege gjeremål, eller står i fare for å få problem på grunn av alder, funksjonsnedsetting, sjukdom eller skade.
[conditions] =>Helse- og omsorgstenesta i kommunen vil gjere ei undersøking og ei fagleg vurdering av behovet du har for ergoterapi.
[partners] =>- Fysioterapitenesta
- Omsorgsavdelinga og sjukeheimane
- Vaktmeistertenesta
- NAV Hjelpemiddelsentralen
- Fastlegar
- Skular og barnehagar
- PPT
Ergoterapi er gratis.
[legislation] =>Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 (Kommunen sitt ansvar for helse- og omsorgstenester)
Pasient- og brukarrettslova kap. 7 (Klage)
Forskrift for sykehjem m.v. § 2-1
Forskrift om habilitering og rehabilitering
[guidance] =>Helse- og omsorgstenesta i kommunen kan kontaktast både skriftleg og munnleg, av brukaren sjølv, pårørande eller andre.
Kommunen kan gi rettleiing om å søkje om ergoterapi. Dersom andre søkjer på vegner av deg, må dei ha fullmakt.
[administrations] =>Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.
[appeal] =>Du kan klage på avgjerda til kommunen etter pasient- og brukarrettslova. Fristen er fire veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
Send klagen til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, kan saka sendast vidare til Statsforvaltaren.
Dersom du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta blir utført, kan du sende ein klage til kommunen. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, blir klagen send vidare til Statsforvaltaren.
[topics] => Ergoterapi, ergoterapeut, sjukdom, funksjonshemming, funksjonsnedsetting, skade, tilpassing, aktivitetar, tekniske hjelpemiddel, fungering, rettleiing, informasjon, tilrettelegging, bustadplanlegging, arbeidsplass, arbeidsvanar, fysioterapi, omsorg, hjelpemiddel )Template: