Fysioterapi
DebugView v2
Article: SimpleXMLElement Object ( [@attributes] => Array ( [branch] => nn-NO ) [pagesaved] => 01.12.2020 20:11:17 [pagecreatedby] => ssp [pagename] => Fysioterapi [description] =>Du kan få tilbod om fysioterapi for å behandle sjukdom eller skade, eller som førebyggjande helsearbeid.
Fysioterapitenesta inngår i det kommunale helsetilbodet og kan mellom anna omfatte:
- undersøking og utgreiing
- planlegging av behandlingsopplegg
- behandling og rehabilitering
- gruppetrening
Tenesta består av kommunalt tilsette fysioterapeutar og private fysioterapeutar som har driftsavtale med kommunen.
Du kan få fysioterapi uavhengig av om du bur heime eller på institusjon. Bur du heime, kan du få fysioterapeut heim til deg dersom du ikkje er i stand til å reise til eit fysikalsk institutt.
[audience] =>- Personar som treng behandling, rettleiing og opptrening etter akutt skade, sjukdom eller operasjon.
- Personar med kronisk sjukdom eller nedsett funksjonsevne med behov for rehabilitering.
Kommunens fysioterapiteneste, lege eller kiropraktor vil undersøkje deg og vurdere om du skal tilvisast til fysioterapi.
[related] =>Du må betale ein eigendel for kvar behandling til du har nådd beløpsgrensa for frikort frå folketrygda. Eigendelen varierer avhengig av kva slags behandling du får. Det finst nokre unntak:
- Barn under 12 år er fritatt for å betale eigendel og får også gratis transport til behandling.
- Personar med godkjend yrkesskade er fritatt for å betale eigendel.
- Personar med enkelte, bestemte sjukdommar er også fritatt for å betale eigendel.
For at du skal få dekt utgifter, må fysioterapeuten ha avtale om driftstilskot med kommunen.
Betaling hos fysioterapeut (helsenorge.no)
[legislation] =>Folketrygdlova § 5-8 (Fysioterapi)
Forskrift for sjukeheimar mv. § 2-1
Forskrift om habilitering og rehabilitering
Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeuter med kommunal driftsavtale
Helse- og omsorgstenestelova kap. 3 (Kommunens ansvar for helse- og omsorgstenester)
Lov om pasient- og brukerrettigheter kap. 7 (Klage)
[guidance] =>Når du har fått tilvising til behandling, tar du kontakt med eit fysikalsk institutt eller med fysioterapitenesta i kommunen.
[administrations] =>Alle som er tilviste til fysioterapeut blir sette på venteliste og behandla fortløpande.
Enkelte diagnosar blir prioriterte og tatt utanom ventelista. Dette blir vurdert i kvart enkelt tilfelle.
[appeal] =>Du kan klage på avgjerda til kommunen etter pasient- og brukarrettslova. Fristen er fire veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
Klagen sender du til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen saka vidare til Statsforvaltaren.
Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen eller direkte til fysioterapitenesta. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Statsforvaltaren.
[other] =>Om fysioterapi (helsenorge.no)
[topics] => Fysioterapi, fysioterapeut, manuell terapi, manuell terapeut, manuellterapeut, manuellterapi, hjelpemiddel, helsetenester, behandling, skade, operasjon, helse, terapi, sjukdom, skade, yrkesskade, yrkesbelastning, belastningsskade, ufør, uførleik, funksjon, utgreiing, motorisk, rehabilitering, fysikalsk, kols, slag, barn, eldre, svangerskap, undersøking, massasje, motorikk, funksjonsnivå, funksjonshemma, funksjonshemming, funksjonsnedsetting, handicap, handicappa, handikap, handikappa, rørslehemma )Template: