Helsestasjon for ungdom

Beskrivelse

På helsestasjon for ungdom kan du komme og prate om alt som kan vere vanskeleg og utfordrande. Tilbodet er GRATIS og du treng ikkje bestille time.

Du får hjelp når du:

  • treng prevensjon
  • lurer på om du er gravid
  • lurer på om du har klamydiainfeksjon eller andre kjønnssjukdommar
  • har spørsmål om sex og seksualitet
  • opplever kvardagen tung og vanskeleg
  • har problem heime eller på skolen
  • driv med sjølvskading
  • har opplevd seksuelle overgrep eller vald
  • ønskjer å slutte med røyk eller snus
  • drikk eller rusar deg meir enn du ønskjer
  • har spørsmål om trening, slanking og vekt

Du får òg:

  • kondom, p-pillar og annan prevensjon
  • graviditetstest og angrepille
  • behandling av kjønnssjukdommar
  • legeundersøking og tilvising til spesialist

På helsestasjon for ungdom treff du helsesjukepleiar (helsesøster) og lege. Nokre stader er det også jordmor, psykolog og sexolog.

Foreldra dine treng ikkje å få vite kva du har snakka med helsestasjonen om. Er du under 16 år, har dei tilsette likevel plikt til å informere foreldra dine om dei synest det er nødvendig.

Målgruppe

Det er ingen faste aldersgrenser, men tilbodet er først og fremst retta mot ungdom i alderen 13–20 år.

Lover
Veiledning

Du treng ikkje bestille time, det er berre å møte opp.

Klage

Dersom du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta blir utført, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til helsestasjon for ungdom. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, kan du klage til Statsforvaltaren.

Los-ord
Helsestasjon, helsesøster, helsesjukepleiar, helsetenester, ungdom, tenåring, skole, ungdomsskole, vidaregåande, elev, elevar, helse, råd, rettleiing, hjelp, undersøking, konsultasjon, sex, seksualitet, prevensjon, p-pille, kondom, angrepille, gravid, graviditet, abort, svangerskap, svangerskapsavbrot, rus, røyking, sniffing, snusing, snus, alkohol, mobbing, pubertet, sjukdom, jordmor, psykolog, kjønnssjukdom, sjølvskading, anoreksi, bulimi, eteforstyrring, slanking, overgrep, valdtekt, incest, legning, homofil, lesbisk, bifil, transseksuell

DebugView   v2