Kva betyr dette?
Helsestasjon- og skulehelsetenesta sitt pasientdatasystem vert kobla opp mot Helsenorge. Helsenorge vert verktøyet de vil nytta i kontakt med oss, til timebestilling, oversikt over timeavtalar, avbestillingar, vaksinesamtykke og personrelatert dialog ved spørsmål. Bruk av Helsenorge inn mot oss som teneste er gratis.
Når skjer dette?
Innfasing startar torsdag 21. august kl 12.00. Det kjem ny informasjon ut til innbyggjarane fredag 22. august, gjennom kanalar som barnehage, skule og kommunen si heimeside/facebookside. Drifta på helsestasjonen vert i veke 35 redusert, men me er tilgjengeleg på telefon i overgangsfasen.
Kva må du gjere?
Målet er å sikre pasient-dialog gjennom ei sikker digital plattform, og me ynskjer at de nyttar systemet i kontakt med oss frå veke 35. Ein må opne Helsenorge for generell elektronisk dialog med oss. Nærare informasjon om dette fylgjer 22. august.
Med vensam helsing
Personalet ved Fitjar helsestasjon,
Jordmor, helsesjukepleiar i helsestasjon 0-5 år, helsesjukepleiar i skulehelsetenesta, helsesjukepleiar i vidaregåande skule og familierettleiar.