Pleie og omsorg

ID 962 Kjøkkenmedarbeidar, vikariat 100 %
Fitjar bu-og behandlingssenter, Kjøkken
Søknadsfrist: Snarast

ID 963 Sjukepleiar, helsefagarbeidar, assistent. INTERN utlysing. Midlertidig, jobbe i team
Fitjar bu- og behandlingssenter
Søknadsfrist: Snarast

ID 944 Sjukepleiar/helsefagarbeidar 66% vikariat natt Havnahuset
Havnahuset, habilitering
Søknadsfrist 08.11.2024

ID 966 Helsefagarbeidar/Sjukepleiar 75% fast stilling på natt
Fitjar bu- og behandlingssenter
Søknadsfrist: 08.12.2024

ID 911 Sjukepleiar 100 % fast stilling
Fitjar bu- og behandlingssenter
Søknadsfrist: Løpande inntak til intervju

Samfunnsutvikling og drift

ID 965 Landbruksrådgjevar 100 %
Etat for samfunnsutvikling og drift, Forvaltning
Søknadsfrist: 29.november 2024

ID 921 Avlastningsheim til blid gut under 18 år

Fitjar kommune søkjer avlastingsheim til ein blid gut under 18 år med funksjonsnedsetjing som er glad i dyr, likar å sykle og elles delta på ulike aktivitetar.

Oppdraget gjeld 48 timar kvar 5 helg.

Me søkjer deg som:

  • Er ein trygg og omsorgsfull vaksen
  • Kan kommunisera godt og skapa gode relasjonar med born
  • Har tid og overskot til å vera ein god rollemodell
  • Har ein stabil livssituasjon og kan engasjera deg for borne over tid
  • Ynskjer å gjera ein forskjell, og vera ein viktig person i nettverket til bornet
     

Arbeidsoppgåver:

  • Hjelp og tilrettelegging ved daglege gjeremål og aktivitetar
  • Bidra til å gje borne positive meistringsopplevingar
  • Følgje opp innarbeide rutinar bornet har
  • Bidra til eit godt samarbeid med føresette
     

Kvalifikasjonskrav:

  • Du er fylt 18 år
  • Du er trygg på deg sjølv og kan setje grenser
  • Du må ha tid og plass til eit ekstra born, samt forstå bornet sine ulike behov og reaksjonar
  • Personleg eigenheit og erfaring med born vil bli vektlagt
  • Avlastingsheim kan etablerast hjå einslege, par eller familiar med eigne born
  • Avlastingsheimen må ha eit eige soverom som bornet kan disponera når det er der
  • Du må ha førarkort og disponera bil
  • Gode norskkunnskapar er viktig
  • Politiattest ikkje eldre enn 3 månader må leggjast fram ved evt. tilbod om oppdrag
     

Me tilbyr:

Løn vert gitt etter til gjeldande særavtale for avlastar (SGS 1030)

Registrer søknad her: Ledig stilling - søknad - Fitjar kommune (skjema.no) 

Ved spørsmål, kontakt Tenestekontoret på tlf. 457 22 314

ID 832 Fritidskontaktar for born, ungdom og vaksne

Fitjar kommune treng fleire fritidskontaktar til barn, unge og vaksne

Arbeidet vil først og fremst gå føre seg på ettermiddag/kveld, helger eller dagtid. Timetalet kan variere frå 3-6 timar i veka. Du får eit sjølvstendig oppdrag der du, og den du gir bistand til, kan avtale tid og stad for aktivitetar.

Kvalifikasjonar:

  • Du bør vere over 18 år og villig til å forplikte deg over tid
  • Gode norskkunnskapar
  • Du bør ha sertifikat

Personlege eigenskapar:

  • Du ynskjer å vere med på å gjere ein forskjell i andre sitt liv
  • Du er ansvarsfull, tolmodig, fleksibel og kreativ 
  • Kunne sette grenser for deg sjøl, tjenestemottaker og evt.andre

Det vert vektlagt at du er personleg skikka til å vera fritidskontakt.

Arbeidsoppgaver

  • Legge til rette for at tjenestemottaker får ei meningsfull fritid ut fra forutsetninger, ynskjer og behov som til dømes:
  • Gåturar, kafebesøk, besøk i symjehallen, trening, kulturaktiviteter eller følgje til  organiserte fritidstilbod
  • Bli kjend med nye mennesker og miljø, oppleve eit fellesskap
  • Gi støtte og motivasjon

For oppdraget gjeld:

  • Godtgjersle etter gjeldande satsar for fritidskontaktar
  • Køyregodtgjersle
  • Utgiftsdekking på kr 200,-

Gyldig politiattest må leggjast fram.

Har du spørsmål om oppdraget kan du ta kontakt med sakshandsamar Målfrid Hallaråker på tlf: 469 13 015.                                   
Søknadsskjema finn du her

Sunnhordland Interkommunale legevakt

 

Sunnhordland interkommunale legevakt IKS er eit selskap som driftar legevakt og døgnavdeling for Stord, Bømlo og Fitjar kommune, og har no fleire ledige stillingar for sjukepleiarar:

Ledige stillingar for sjukepleiar på LEGEVAKT og DØGNAVDELING 

  1. 50% fast sjukepleiar stilling nattevakt mellom Ida avdeling- legevakt. Ledig frå snarast. 
  2. 80% vikariat sjukepleiar i tredelt turnus på Døgnavdeling Ida ledig frå snarast til 21.09.2025
  3. 15% fast sjukepleiar helgestilling på legevakta.  ledig frå snarast.

Søknadsfrist: 31.11.2024

Søknad: Elektronisk søknad sendast innan fristen ved å gå inn på Arbeidsplassen 
Husk å skriv i søknaden kva stilling du søkjer på!

Ved ytterlegare spørsmål og interesse for stillingane, ta kontakt med: 
Dagleg leiar: Agata Kapuscinska
Telefon 407 29 263
Epost:  agata.barbara.kapuscinska@stord.kommune.no

 

 

Ferievikar ved Sunnhordland Interkommunale legevakt SIL og Døgnavdeling IDA

 

Sunnhordland interkommunal legevakt IKS dekker legevaktfunksjon for kommunane  Fitjar, Bømlo og Stord med samla om lag 34.000 innbyggjarar. Legevakta og døgnavdelinga har eit triveleg fagmiljø med personale som held høg fagleg kompetanse.

Søkjer du ein interessant  sommarjobb med spanande utfordringar der du får nytta din erfaring og kompetanse? Då kan du vera rette person for oss. 

Me har behov for lege, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, sjukepleiarstudentar

i perioden 23.06.2025 – 17.08.2025 ved legevakta og Døgnavdeling IDA. 


På legevakta treng me sjukepleiarar (gjerne med minst 2 års erfaring). Medisinstudentar som har bestått 3.året.                                                                                                                                                      
Ved døgnavdelinga treng me sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, samt sjukepleiarstudentar. 

Vår avdelingoverlege treng vikar i 4 veker i sommar. Vi søker vikarlege i den perioden, 
(gjerne spesialist allmenmedisin/geriatri)

Me kan tilby varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ein spanande og travel kvardag. Det er eit triveleg arbeidsmiljø på ein strukturert arbeidsplass som held høgt fagleg nivå. 
Sommarjobb ved SIL inneber turnusarbeid dag, kveld, natt og i snitt arbeid anna kvar helg. 


Høyres dette interessant ut? Søk då vel!!!

Ferievikarar må leggja fram politiattest av nyare dato!

Søknadsfrist 13.12.2024

Ved spørsmål kan du ringja dagleg leiar Agata Kapuscinska 407 29 263 eller avdelingsleiar Ingvild Boga 917 27 837.

NB. Husk å fylle ut kva tid du ynskjer å jobbe. Søkjarar som kan jobbe heile perioden eller i 6 veker eller meir vil bli prioritert.

Det blir ikkje sendt ut førebels melding ettersom det kjem søknader inn heile tida.

Alle ferievikarar må leggja fram politiattest av ny dato.