Tenesta gjeld utlevering og tilkøyrt varm middag frå kommunen sitt institusjonskjøkken. Diettmat vert levert dersom det er medisinske årsaker til det. Det vert levert to porsjonsstorleikar à to rettar; anten middag og dessert eller middag og suppe event. ekstra dessert/suppe.
Matombringing
Matlevering er ikkje ei lovpålagt teneste, men kan i enkelte høve bli vurdert til å vere rett teneste for å oppnå forsvarleg helsehjelp. Tenesta skal vere til hjelp for å dekkje ernæringsbehovet til innbyggarar, som av ulike årsaker ikkje er i stand til å dekke dette behovet sjølv. Ein må betale for tenesta.