Stord, Fitjar og Bømlo har i dag fått melding frå Bufdir om at dei tre samarbeidskommunane har blitt tildelt kr 13.810.000,- i tilskot til forsøk med fritidskort haust 2021 og vår 2022.
Dette vil seia at alle barn og unge i alderen 6 – 18 år vil få dekka kr 1.000,- kvart halvår til deltakaravgift til faste, jevnlege organiserte aktivitetar som gir mogelegheit for tilhøyr over tid.
Kommunane startar no opp arbeidet for å få dette på plass til 1. august 2021. I det vidare arbeidet vert det fokus på: Val av digital løysing, kontakt/samarbeid med lag- og organisasjonar, frivilligsentral, ungdomsråd, NAV og andre kommunale tenester.