Om prosjektet
FACT-ung er eit samarbeidsprosjekt mellom Stord, Bømlo, Fitjar kommune og spesialisthelsetenesta Helse Fonna BUP Stord.
FACT står for Flexible Assertive Community Treatment.
Me treff ungdom der de er, eller ynskjer å vera. Eksempel kan vera heime, på skulen, på kontoret vårt, fritidsarenaer, eller medan me gjer ein aktivitet saman, seier teamleiar Kristien Sætrevik.
Teamet skal hjelpa ungdom som fell utanfor det ordinære tenesteapparatet og behandlingslinjene.
Me ynskjer at ungdommen sine eigne mål skal vera drivande for behandlinga, avsluttar Sætrevik.
Prosjektstart er 4. september 2023.
Målgruppe
- Ungdom i alderen 12-18 (dersom du får behandling frå oss kan me følgja deg til du fyller 25 år).
- Moderat til alvorleg funksjonsfall på fleire områder i livet, for eksempel psykisk helse, sosial fungering, skule, fritid, arbeid, rus, bu situasjon og familie. Funksjonsvanskane vert opplevd belastande og gir lav kvardagsmeistring og livskvalitet, både for ungdommen sjølv og for familien.
- Langvarig og samansette vanskar, med behov for innsats frå fleire ulike tenester.
- Utfordringar som gjer at polikliniske tilbod ikkje er tilstrekkeleg.
- Andre tiltak skal ha vore utprøvd før oppfølging i FACT ung.
- Busett i Stord, Fitjar eller Bømlo kommune.
Om teamet
Me tilbyr eit heilskapleg behandlingstilbod gjennom tett oppfølging frå fleire yrkesgrupper. Derfor har me ulike fagpersonar tilsette i teamet: brukarspesialist, barne- og ungdomspsykiater, psykologspesialist, psykolog, vernepleier, russpesialist, barnevernfagleg kompetanse, jobbspesialist og familieterapeut. Me tilbyr ulike behandlingsformer som individuell behandling, gruppetilbod, familierettleiing, samtalar, praktisk hjelp og støtte opp mot NAV og andre offentlege instansar.
Tilvising
For å få oppfølging frå FACT-ung treng ein ei tilvising frå fastlege, psykolog, barneverntenesta, ungdomsteam eller pedagogisk psykologisk teneste (PPT).
Tilvisingane vert vurdert i inntaksteam for å sjå om FACT ung oppfølging vil vera det beste for ungdommen.
FACT ung samarbeider saman med alle aktørar rundt ungdommen, og tilvisar og andre aktuelle samarbeidspartar vert alltid innkalla i inntaksarbeid. Me er tilgjengeleg for spørsmål og drøfting av tilvising man-fre 08-15:30.
Kontaktperson
Teamleiar Kristine Sætrevik, tlf. 959 25 898 E-post: Kristine.saetrevik@stord.kommune.no
Besøksadresse: Hamnegata 22, 5411 Stord
Postadresse: Postboks 304, 5402 Stord