Foto: Pixabay |
Barnehageåret 2022/2023
- Barn som fyller eitt år innan utgangen av august det året det vert søkt om barnehageplass, har etter søknad innan fristen for hovudopptaket rett til å få plass i barnehage innan august.
- Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen det er busett.
- Retten gjeld i kommunen, ikkje i ein bestemt barnehage.
- For barn med rett til prioritet er det inga nedre aldersgrense.
Regjeringa ynskjer å gje fleire barn rett på barnehageplass. Departementet har utvida retten til barnehageplass. Det betyr at barn fødd i september, oktober og november vil ha rett til barnehageplass den månaden dei fyller eitt år.
Generell søknadsfrist er 1. mars 2022.
Søknadsskjema finn du her:
Kommunen kan oppfylla retten til barnehageplass på tre måtar:
- Barnet får første ynskje oppfylt
- Barnet får andre ynskje oppfylt
- Barnet får eit tilbod i annan barnehage