Foto: Tore Nesbø |
Den nye brannstasjonen er byrja å vise att i terrenget. Det som som ikkje viser noko særleg er alt arbeidet som er utført i grunnen, med legging av vann- og avlaupsleidningar, trekkerør for fiber og el-forsyning, boring i grunn for bergvarme, tilrettelegging av tømmestasjon for bu-bil, oljeutskiljar på vaskeplass mv.
Prosjektet skulle i utgangspunktet vore ferdigstilt i november, men grunna ettervirkningar etter pandemien, og problema med materialleveransar og forseinkingar, er opning av ny brannstasjon sett til fyrstninga av februar 2022.
Stasjonen vil gi eit stort løft med omsyn på fasilitetar for mannskapa i forbindelse med skilje av rein og urein sone på bygget og kjemisk helsefare ein vert utsett for. Vidare vert utrykkingstida til viktige objekt i kommunen korta vesentleg ned.
Det som skal skje på bygget dei næraste dagane er ferdigstilling av stålarbeida, taktekking, legging av vannboren varme, varmegolvstøyp, montering av portar, før ein kan gå i gang med oppsetjing av innervegger, og innvendige arbeider.
Utanomhusarbeida vil på gå parallelt med dette.
Utvendig på bygget står det att å montere lamellar i samband med overbygd inngang, trekledning utanpå deler av fasaden, og vindeltrapp opp til tak, solcellepanel på tak, skjere ut for, å setje inn, vindauga og dører mv.