Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha mogelegheit til meistring og samfunnsdeltaking
Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.
Målgruppa er barn og unge i alderen 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å ende i utanforskap. Aktivitetstypane «los/ungdomslos» og «opne møteplassar» har ein meir avgrensa målgruppe: Målgruppa for desse to aktivitetstypane er barn og unge mellom 10 og 24 år.
Utanforskap handlar om å stå utanfor ulike arenaer eller fellesskap i samfunnet. Risikofaktorar for utanforskap kan vere:
- Å vekse opp i familiar med låginntekt
- Manglande sosialt nettverk
- Manglande tilknyting til skule/arbeid
- Manglande deltaking i fritidsaktivitetar
Risikofaktorar kan vere overlappende eller forsterke kvarandre.
Aktivitetstypar det kan søkjast tilskot til (sjå forskrift og rettleiar for informasjon om dei ulike aktivitetstypane):
- Kultur-, fritids- og ferieaktivitet
- Jobbtilbod og rettleiing
- Utstyrssentral
- Lokal fritidskasse
- Kultur- og aktivitetskort
- Aktivitetsguide
- Los/ungdomslos
- Open møteplass
- Utprøving av arbeidsmodellar
- Koordinering av lokalt arbeid for å inkludere målgruppa
- Annan lokal aktivitet
- Sentralledd frivillige organisasjonar – aktivitet i minst fem kommunar
Søknadsfrist er 18.november 2022.
Les meir om tilskotsordninga på Bufdir si nettside
Spørsmål til tilskotsordninga kan rettast til kommunen sin kontaktperson på tilskotsordninga, Mone Nilsen, epost: moni@fitjar.kommune.no tlf. 97089598.