Røysterett og manntal
For å få røysta må du ha røysterett og vera innført i manntalet i ein kommune.
Røysterett
Du har røysterett dersom du oppfyller desse vilkåra:
- er norsk statsborgar
- fyller 18 år innan utgongen av 2025
- er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg
Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett. Du vert automatisk registrert i manntalet i den kommunen du er folkeregistrert som busett 30.06.2025.
Manntalet for stortingsvalet vert lagt til offentleg ettersyn i kundetorget på Fitjar rådhus og på Fitjar folkebibliotek, så snart det er klart frå Valgdirektoratet. Dette skjer ca. 10. juli.
Meiner du at manntalet inneheld feil eller manglar, må grunngjeve krav om retting sendast skriftleg til: Fitjar valstyre, Pb. 83, 5418 Fitjar, eller via skjema som du finn her
Tidlegrøysting
Det er høve til å røysta frå tysdag 1. juli dersom du ikkje har høve til å røysta innanfor den ordinære perioden for førehandsrøysting, og heller ikkje på valdagen. I perioden frå 1. juli til og med 8. august kan du møta opp og få røysta i kundetorget på Fitjar rådhus, i ordinær opningstid. Hugs legitimasjon!
Listeforslag
På Vestland fylkeskommune si nettside finn du informasjon om kva parti som stiller til val i Hordaland valdistrikt, og deira listeforslag.