Helsestasjonen i Fitjar held til i Gamle Havnavegen 23 (Havnahuset).

Det skal vera låg terskel inn til oss. Dersom du er i tvil om du skal ta kontakt med helsestasjonen, så gjer det!

Me ynskjer at du skal føle deg sett og høyrt i møte med oss. Dersom du opplev at det ikkje er slik, ynskjer me ein tilbakemelding på di oppleving slik at me kan sjå om me kan gjera noko annleis.

Me på Helsestasjonen vil slå eit slag for kvardagslivet, kvardagsomsorga, kvardagssmilet og kvardagsvenskapet.

Kunnskap ut av menneskemøter

Me ynskjer å forstå barn, ungdom og vaksne i lys av deira kvardag. Me ynskjer å støtte og heie fram eigenskapar som fremjar trivsel og helse i kvar enkelt sitt liv. Me ynskjer at born og ungdom i Fitjar Kommune skal kjenne på glede i kvardagen og glede over å meistre store og små hendingar. Born treng tryggleik, relasjonar, tilhøve, reguleringsstøtte og støtte til å finne gode strategiar for å meistre det som kan vera vanskeleg.

Fokus på meistring

Alle menneske er like verdifulle og har i seg ein livskraft som kan meistre med hjelp og støtte i overgangar og vanskelege periodar.

Respekt for menneskeverd og likeverd er grunnleggjande for oss. Me på helsestasjonen er her for deg som høyrer til i Fitjar Kommune.

Kven møter du på helsestasjonen?

Hjå oss møter du menneske med ulik fagutdanning. Me har jordmor som føl opp gravide, som utfører svangerskapskontrollar og har oppfølging i den fyrste barseltida. Helsesjukepleiar overtar då ansvaret og føl barnet og foreldra vidare. Helsesjukepleiar er ein sjukepleiar med vidareutdanning i helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot barn, unge og deira familiar. På Helsestasjonen arbeidar me i BARNEHØGDE, me har eit særleg ansvar i høve tenester som arbeider med born og ungdom. Me jobbar med hovudet og hjarta, gjerne på golvet i samspel med barnet. 

Tilsette

Mari Gregersen Rosseland: Leiande helsesjukepleiar

Kristine Bjelland: Jordmor og helsesjukepleiar

Stine Torsvik: Sjukepleiar i helsestasjonstenesta

Liv Kari Hatlevik Tverderøy: Familierettleiar

Torill Dahle: Fysioterapeut

LIS-lege: Helsestasjonslege

Tilbod ved helsestasjonen

Helsestasjonen gjer mellom anna tilbod om:

  • *«Tidleg inn»
  • Heimebesøk til nyfødde
  • Amme-rettleiing
  • Regelmessige helseundersøkingar jf. nasjonalt helsestasjonsprogram
  • Vaksinasjon av barnet jf. nasjonalt vaksinasjonsprogram
  • Barselgrupper
  • Råd og rettleiing kring barnet si vekst, utvikling og trivnad. Døme: søvn, mat, samspel og åtferd hjå barnet
  • Tilvising til andre kommunale tenester ved behov
  • Familierettleiing

*Tidleg Inn er eit tilbod til alle gravide og foreldre med barn frå 0 – 5 år, og er ein del av satsinga vår kring førebyggjande arbeid. Jordmor og helsesjukepleiarar på helsestasjonen vår inviterer til samtale om viktige tema for deg og barnet ditt. Med programmet «Tidleg Inn» ynskjer me å førebyggje og gje hjelp til å handtere psykisk helse, rus og vald i nære relasjonar. Tilbodet er frivillig.

Teieplikt

Alle som jobbar ved helsestasjonen, skulehelsetenesta og Helsestasjon for ungdom har teieplikt.

Samtykke og medråderett

  • Barn under 12 år: Foreldra har samtykkekompetanse på vegne av barna
  • Barn/ungdom mellom 12 og 16 år: Barnet/ungdomens meiningar skal leggjast til vekt. Barnet/ungdomen kan ytre ynskje om at informasjon om visse forhold ikkje blir gitt vidare til foreldra, og helsepersonell må då vurdere dette
  • Ungdom mellom 16 og 18 år: Ungdomen har som hovudregel rett til å samtykke sjølv