Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit tilbod til ungdom mellom 13 og 23 år. HFU er ein del av helsestasjonstenesta i kommunen.
Du finn oss på helsestasjonen, som held til i Gamle Havnavegen 23 (Havnahuset). Det skal vera låg terskel inn til oss. Dersom du er i tvil om du skal ta kontakt med oss, så gjer det!
Me ynskjer at du skal føle deg sett og høyrt i møte med oss. Dersom du opplev at det ikkje er slik, ynskjer me ei tilbakemelding på di oppleving slik at me kan sjå om me kan gjera noko annleis.

Me på Helsestasjonen vil slå eit slag for kvardagslivet, kvardagsomsorga, kvardagssmilet 
og kvardagsvenskapet.

Kunnskap ut av menneskemøter

Me ynskjer å forstå born, ungdom og vaksne i lys av deira kvardag. Me ynskjer å støtte og heie fram eigenskapar som fremjar trivsel og helse i kvar enkelt sitt liv. Me ynskjer at born og ungdom i Fitjar Kommune skal kjenne på glede i kvardagen og glede over å meistre store og små hendingar.

Born treng tryggleik, relasjonar, tilhøve, reguleringsstøtte og støtte til å finne gode strategiar for å meistre det som kan vera vanskeleg.

Fokus på meistring

Alle menneske er like verdifulle og har i seg ein livskraft som kan meistre med hjelp og støtte i overgangar og vanskelege periodar.
Respekt for menneskeverd og likeverd er grunnleggjande for oss. Me på helsestasjonen er her for deg som høyrer til i Fitjar Kommune.

Kven møter du ved helsestasjonen for ungdom?

Hjå oss møter du menneske med ulik fagutdanning. Helsesjukepleiar er sjukepleiar med vidareutdanning i helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot born, unge og deira familiar. I tillegg kan du treffe helsestasjonslege ved behov.  

Me jobbar med hovudet og hjarta, på lag med deg som ungdom.

Tilsette

Mari Gregersen Rosseland: Leiande helsesjukepleiar

Kristine Bjelland: Jordmor og helsesjukepleiar

Merete Drønen: Sjukepleiar i helsestasjonstenesta

LIS-lege: Helsestasjonslege

Tilbod ved helsestasjonen for ungdom

Helsestasjon for ungdom gjev mellom anna tilbod om:

  • Samtale om det som opptar DEG, t.d. fysisk, psykisk og seksuell helse
  • Graviditetstest
  • Rettleiing i samband med graviditet
  • Prevensjonsrettleiing og utskriving av prevensjon
  • Gratis kondomar
  • Sjølvtesting av seksuelt overførbare infeksjonar

Ved akutt sjukdom, kroniske lidingar/plager, eller ved behov for meir grundig og langvarig utreiing, behandling eller oppfølging, er det fastlege/evt. Legevakt som skal nyttast.

Teieplikt

Alle som jobbar ved helsestasjonen, skulehelsetenesta og Helsestasjon for ungdom har teieplikt.

Samtykke og medråderett

  • Born under 12 år: Foreldra har samtykkekompetanse på vegne av borna
  • Born/ungdom mellom 12 og 16 år: Bornet/ungdomens meiningar skal leggjast til vekt. Bornet/ungdomen kan ytre ynskje om at informasjon om visse forhold ikkje blir gitt vidare til foreldra, og helsepersonell må då vurdere dette
  • Ungdom mellom 16 og 18 år: Ungdomen har som hovudregel rett til å samtykke sjølv