Skulehelsetenesta er ein del av helsestasjonstenesta i kommunen.
Går du på skule i Fitjar kommune er det ein helsesjukepleiar visse dagar ved skulen din. Det skal vera låg terskel inn til oss. Dersom du er i tvil om du skal ta kontakt med oss, så gjer det!
Me ynskjer at du skal føle deg sett og høyrt i møte med oss. Dersom du opplev at det ikkje er slik, ynskjer me ein tilbakemelding på di oppleving slik at me kan sjå om me kan gjera noko annleis.
Me på helsestasjonen og skulehelsetenesta vil slå eit slag for kvardagslivet, kvardagsomsorga, kvardagssmilet
og kvardagsvenskapet.
Kunnskap ut i menneskemøter
Me ynskjer å forstå barn, ungdom og vaksne i lys av deira kvardag. Me ynskjer å støtte og heie fram eigenskapar som fremjar trivsel og helse i kvar enkelt sitt liv. Me ynskjer at born og ungdom i Fitjar Kommune skal kjenne på glede i kvardagen og glede over å meistre store og små hendingar.
Born treng tryggleik, relasjonar, tilhøve, reguleringsstøtte og støtte til å finne gode strategiar for å meistre det som kan vera vanskeleg.
Fokus på meistring
Alle menneske er like verdifulle og har i seg ein livskraft som kan meistre med hjelp og støtte i overgangar og vanskelege periodar.
Respekt for menneskeverd og likeverd er grunnleggjande for oss. Me på helsestasjonen er her for deg som høyrer til i Fitjar Kommune.
Kven møter du i skulehelsetenesta?
Hjå oss møter du menneske med ulik fagutdanning. Helsesjukepleiar er sjukepleiar med vidareutdanning i helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot barn, unge og deira familiar.
I skulehelsetenesta arbeidar me i BARNEHØGDE, me har eit særleg ansvar i høve tenester som arbeider med born og ungdom. Me jobbar med hovudet og hjarta, på lag med barn og ungdom.
Tilbod ved skulehelsetenesta
Skulehelsetenesta gjev mellom anna tilbod om:
Helseundersøkingar jf. nasjonalt program
Vaksinasjon jf. nasjonalt program
Undervisning kring ulike tema i samarbeid med skulen
Samtale med elevar ved behov/ *«Ope dør»
Oppfølging av elevar med særskilte behov (ansvarsgruppe, individuell plan)
Tilvising til andre kommunale tenester ved behov
Råd og rettleiing kring barn og unges vekst, utvikling og trivnad
*«Ope dør» meinast med at elevar kan ta direkte kontakt med skulehelsetenesta på skulen når dei sjølv ynskjer det/har behov for det. Det er gyldig fråvær å gå til skulehelsetenesta, hugs å få med dokumentasjon på at du har vore der.
Teieplikt
Alle som jobbar ved helsestasjonen, skulehelsetenesta og Helsestasjon for ungdom har teieplikt.
Samtykke og medråderett
Barn under 12 år: Foreldra har samtykkekompetanse på vegne av barna
Barn/ungdom mellom 12 og 16 år: Barnet/ungdomens meiningar skal leggjast til vekt. Barnet/ungdomen kan ytre ynskje om at informasjon om visse forhold ikkje blir gitt vidare til foreldra, og helsepersonell må då vurdere dette
Ungdom mellom 16 og 18 år: Ungdomen har som hovudregel rett til å samtykke sjølv