Spesielt for studentar og nyutdanna:

Fitjar kommune ønskjer å koma i kontakt med deg om du studerer og tenkjer at det kan vera aktuelt å arbeida innanfor kommunal sektor. Fitjar kommune ønskjer også innspel om frå deg om korleis kommunen kan sikra studentar betre! Ta kontakt for ein uforpliktande samtale.


Stipend til studentar og helsefagarbeidar over 18 år:
Fitjar kommune arbeider no for å etablera ein stipendordning for studentar og vaksne helsefagarbeidarar. Målet er at ordninga skal vera klar innan utgongen av februar 2024, om du har innspel til utforming av ordninga ønskjer me gjerne å høyra frå deg!


Lønsordning for studentar innan helse og omsorgssektoren:
Fitjar kommune har eigne lønstiltak for studentar som arbeider i helse og omsorgssektoren. Ordninga inneber at du som student føl følgjande lønsstige:

  • 1. årsstudentar  får 70 % av Fitjar kommune si minsteløn for sjukepleiarar
  • 2. årsstudentar får 80 % av Fitjar kommune si minsteløn for sjukepleiarar.
  • 3. årsstudentar får 85 % av Fitjar kommune si minsteløn for sjukepleiarar.

Ordninga inneber at du som student er sikra ein god lønsprogresjon gjennom studiane. 

Fitjar kommune samarbeider med høgskule og universitet for å sikra studentar praksis i kommunen. I dag gjev me tilbod om praksisplassar for studentar innan både helse- og oppveksttenestene. Fitjar kommune er også opne for å sjå på moglegheiter for praksisplassar m.a. innan statsvitskap i samarbeid med Universitetet i Bergen. 


Løn som nyutdanna sjukepleiar:
For å møte utfordringar knytt til rekruttering innan pleie og omsorg nyttar Fitjar kommune såkalla antesipert ansiennitet for nyutdanna sjukepleiarar. Dette betyr med enklare ord at du som ny utdanna får løn tilsvarande løna du ville fått om du hadde hatt ti års erfaring. 


Kontakt: Personalrådgjevar

Lærling i Fitjar kommune:

Fitjar kommune har trong for fagarbeidarar innan ulike fag, dette gjeld både innan helse-, kontor-, mat-, barne- og ungdom og IKT for å nemna nokre. 


Læreplassar:
Fitjar kommune har i dag tilbod om læreplassar innanfor følgjande fag:

  • IKT
  • Helsefagarbeid
  • Barne og ungdomsarbeidar

Fitjar kommune har eit samarbeid med Fitjar vidaregåande skule innan einskilde fag og ønskjer å utvikla samarbeidet her vidare.

Dersom du er interessert i læreplass innan andre fag ønskjer me gjerne at du tar kontakt slik at me kan vurdera moglegheit for å oppretta læreplass innanfor fleire fagfelt. 


Stipend for fagarbeidarar:
Fitjar kommune arbeider no med  å etablera ei stipendordning for vakse helsefagarbeidarar som anten er under ordinært opplæringsløp eller går opp som praksiskandidatar. Målet er at ordninga skal vera på plass innan utgongen av februar 2024, om du har innspel til utforming av ordninga ønskjer me gjerne å høyra frå deg!

Kontakt: Personalrådgjevar

Personalpolitisk rammeverk

Overordna mål:
Fitjar kommune ynskjer gjennom sin personalpolitikk å skapa ein positiv verksemdskultur som stimulerer til engasjement, kreativitet, ansvar og arbeidsglede. Ein vil fremja samarbeidsånd og tillit i samspelet mellom einskildpersonar, tillitsvalde/verneombod, einingar og leiing i kommunen, og mellom folkevalde, administrasjon og innbyggjarar. Fitjar kommune vil førebyggje ulykker, miljø- og helseskadar for å skapa trygge og trivelege arbeidsplassar. Drifta skal gi minst mogleg påverknad på det ytre miljø. Våre tenester skal vera sikre og trygge for arbeidstakarane og brukarane. Dette skal skje ved at helse, miljø og tryggleik blir planlagd og prioritert på lik line med service og økonomi.

Fitjar kommune har vedteke eit personalpolitisk rammeverk som gjeld alle tilsette, du kan lesa meir om det her: 


Leiarplattform for Fitjar kommune:
Fitjar kommune har arbeidd fram eigen leiarplattform der visjonen for vårt leiarskap er Saman for utvikling!  Fitjar kommune ønskjer at alt leiarskap som vert utøvd i verksemda skal vera utforma med grunnlag i verdiane: Tydeleg , inkluderande og løysingsorientert. Godt leiarskap er viktig for alle som arbeider i verksemda og skal gje grunnlag for godt arbeidsmiljø, sjølvstendige medarbeidarar og gode tenester for alle som bur i kommunen vår.

Bedriftshelseteneste

Fitjar kommune er tilknytta bedriftshelsetjeneste gjennom Falck AS. Bedriftshelsetenesta er ein ressurs for alle som arbeider i kommunen og skal sikra eit helsefremjande arbeidsmiljø. Bedriftshelsetenesta gjev råd innan systematisk HMT arbeid, arbeidshelse, helseundersøkingar, ergonomi, psykososial arbeidsmiljø med vidare.

Velferdsklubben

Fitjar kommune har eigen velferdsklubb som har som føremål å fremja trivnad og godt sosialt arbeidsmiljø for alle tilsette i Fitjar kommune. Klubben har dei seinare åra hatt faste løyvingar på kommunen sitt budsjett og arrangerer fleire årlege sosiale samankomstar.

Vedtekter - Velferdsklubben

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon personalavdelinga

Spørsmål om løn:
Har du spørsmål om løn, ta kontakt med økonomiavdelingen på telefon 
534 58 500, tasteval 4, mellom kl. 09.30 - 14.30.

Du kan også sende ein epost til okonomi@fitjar.kommune.no