Fitjar kommune er no Miljøfyrtårnsertifisert etter hovudkontormodellen. Fitjar folkebibliotek er også blitt miljøfyrtårn sertifisert. Kommunestyret vedtok i slutten av 2018 igangsetting av arbeidet.
Som Miljøfyrtårn tek Fitjar kommune eit aktivt miljøansvar og bidreg til grøn omstilling. Dette er ein viktig milepæl i miljøsatsinga til Fitjar kommune, i tråd med ny samfunnsdel i kommuneplanen og den grøne kommunen.
Du vil kjenne det igjen i tema som:
- Energibruk
- Transport og mobilitet
- Avfallshåndtering
- Kommunale innkjøp
- Mat og redusert matsvinn
- Helse- miljø og tryggleik
Teknisk sjef, Randi Karin Habbestad, har hatt ansvar for arbeidet med å få Fitjar kommune og Fitjar folkebibliotek Miljøfyrtårn sertifisert. Alle avdelingar i Fitjar kommune skal dei neste åra bli Miljøfyrtårn sertifisert. Snart vil kommunen få tildelt Miljøfyrtårn-diplom, som eit synleg bevis.
Vil du vite meir om sertifiseringsordninga kan du lese her.