Er du ein engasjert person med ledig fritid og lyst på nye utfordringar?

Konfliktrådet Sør-Vest, søker etter nye meklarar.
Meklaren si oppgåve er å legga til rette for dialog mellom partane. Dette vert gjort i forsamtalar og direkte møter. Konfliktråda nyttar seg av mekling som metode.

Konfliktrådet er ein lekmannsordning der det ikkje vert stilt formelle krav til utdanning eller praksis, men det vert lagt stor vekt på personleg eignaheit. Konfliktrådet Sør-Vest har i dag 42 meklarar.

Konfliktrådet ynskjer ei brei samansatt meklargruppe med omsyn til alder, kjønn og bakgrunn som gjenspeglar lokalsamfunnet der du bur.

Personar med annan etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkja.

Meklarane vert vald for fire år og konfliktrådet søkjer etter personar som har interesse for, og ikkje minst tid til vervet. Søkjarane må vere over 18 år, ha tilfredsstillande vandel og god norsk skriftleg og muntleg formidlingsevne.

Obligatorisk grunnopplæring (4+3+1 dagar) vil bli gitt før oppnemning, samt regelmessig oppfølging, individuelt og saman med dei andre meklarane i konfliktrådet.
Godgjersle for vervet er for tida kr. 225,- pr. time og meklinga føregår stort sett på ettermiddags- og kveldstid.

Å være meklar er ingen jobb, men eit verv ein får godgjersle for.

Søknad og kontaktinformasjon

Søk her: Søknad på verv som meklar

For nærmere informasjon, kontakt: 

Leiar:                      Kirsten Borsheim                 915 66 509  
Rådgjevar:             Thomas Yvan Skotnes         474 84 510
Seniorrådgjevar:   Gro Wichmann                     474 52 429