Kriteria for næringsprisen:
1. Føremålet med næringsprisen for Fitjar er at den skal vera ei påskjønning til næringsdrivande, firma, person(ar) mv. som på ein positiv måte har framheva seg som lokal næringsaktør i Fitjar
2. Næringsprisen skal vera ei påskjønning til den som klarar å halda på og betra kvaliteten, kreativiteten og servicenivået innan næringslivet i Fitjar.
3. Det er formannskapet som er prisnemnd for næringsprisen.
4. Formannskapet skal ved annonsering ein gong i året, be om framlegg til kandidatar til prisen.
5. Formannskapet skal ved utveljing av kandidaten m.a. leggja vekt på desse tilhøva:
- Tal på arbeidsplassar
- Arbeidsmiljø
- Produktutvikling
- Marknadsorientert
- Eigna til drift med overskot.
- At kandidaten har ein samfunnsmessig verdi, og profilerar Fitjar på ein god måte.
6. Næringsprisen kan delast ut kvart år.
7. Tildeling av næringsprisen skal finne stad ved eit høveleg arrangement i same året som næringsprisen vert politisk handsama.
8. Formannskapet kan sjølv koma med framlegg på kandidatar, både innan oppgjeven frist eller som forslag i møte.
9. Tildelinga er endeleg og kan følgjeleg ikkje endrast.
Framlegg til kandidatar kan sendast på e-post til fitjar@fitjar.kommune.no eller til Fitjar kommune v/kulturkontoret, Postboks 83, 5418 Fitjar. Ved spørsmål ta kontakt med kultursjef Bente Bjelland tlf 47 68 6208.
Frist: 30. september 2022.