Solcelle (2)_500x264

Innovasjon Norge har fått nye retningslinjer frå og med år 2021 innan Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket.  Det er nå opning for at IN kan gje støtte til varmepumper og solcelleanlegg under ordninga Fornybar energi i landbruket. I 2022 er den nasjonale ramma for Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket på 107 mill.

Grunnen til at Innovasjon Norge nå også støtter reine solcelleanlegg er at landbruket i større grad må ta aktivt grep for å redusere klimaavtrykket i matproduksjonen.  Solcellene har dessutan vorte billegare og meir effektive dei siste 5 – 10 åra.   Vi kan derfor gje støtte til kortreist energiproduksjon, dvs energi som blir brukt på gardsbruket.

Finansiering av støtte til solenergi kjem inn under det vi kallar gardsanlegg med næringsformål.   Eit krav her er mellom anna at det er aktiv landbruksdrift på garden, samt eit forbruk på minimum 25 000 KWh i næringssamanheng.

Informasjon til aktuelle søkjarar om støtte til solcelleanlegg
Sjekk forbruk av straum frå 1. april til ca 1. oktober, dette er den perioden solcellene produserer 70-80 % av straumen.  Ein føresetnad frå Innovasjon Norge er at du bør bruke det aller meste av straumen (70 – 90 %) sjølv for å sleppe å sende straumen ut på nettet.   Grunn til dette er at det som går ut på nettet blir betalt med spotpris (gjennomsnitt siste 5 år = ca 20 – 25 øre / kWh.

Tips: Dersom du vurderer solceller bør du få leverandøren til å lage simuleringsrapport som viser kor stor del av den produserte solcelleenergien du kan utnytte sjølv.  

Her er lenkje til heimeside og søknadsskjema dersom du ønskjer søke om støtte.  Du logger deg inn via Bank-ID og "Min Side".   

Inne på skjemaet for bioenergi søker du på Gardsvarmeanlegg i næring. I 2022 vil vi normalt løyve inntil 25 % støtte.   
Dersom du tenkjer søke om støtte er det fint om du til søknaden legg ved  totaltilbodet fra leverandør samt dokumentasjon på kraftforbruk i perioden 1.4.- 1.10., pluss evt framtidig kraftbehov.

Legg også ved næringsoppgåve for siste år samt skattemelding for evt begge ektefeller / sambuarar.

Søknad om støtte kan sendast inn frå 1. november 2021, og blir handsama på nyåret 2022.    Søknaden må sendast før du investerer, og grunna stor pågang vert det tilrådd at det blir søkt seinast februar 2022.

Har du spørsmål kan du ta kontakt med  Leif Inge Husabø, Tlf: +4799444683 hos Innovasjon Norge, avdeling Vestland.