Planen er ei revidering av skulebruksplan 2023-2028 som var vedteke i desember 2022. Planen vert revidert grunna endringar i barnehage- og skulestruktur i 2024.
Kommunestyret gjorde 20. juni 2024 politisk vedtak om oppveksttun i Øvrebygda skulekrins, med barnehage og skule 1.-4.trinn. I same vedtak vart det lagt til grunn at skulebruksplan for 2023-2028 skulle reviderast. Kommunedirektøren fekk mandat til å setje i gong ein prosess tidleg hausten 2024 for å greie ut aktuelle endringar i skulestruktur. Kommunedirektøren har no sett i gong arbeidet med ny skulebruksplan.
Gje dine innspel!
Send høyringssvar til e-post/brev til Fitjar kommune innan 1. februar 2025.
E-post: fitjar@fitjar.kommune.no
Postadresse: Rådhuset, Postboks 83, 5418 Fitjar.
Merk: “Høyring skulebruksplan 2025”
Plandokument - Strukturplan for oppvekst 2025-2035